Vedum er sliten no. Senterparti-leiaren står fram med ei heilt anna utstråling no i valkampen enn han har vorte kjend for dei siste åra. Smilet har stivna, han svarar meir usikkert på dei stadig meir kritiske spørsmåla frå journalistane. Alle politikarar som har opplevd så store fall på meiningsmålingane som Vedum har gjort i denne valkampen, kjenner sympati for det han no går gjennom. Kanskje opplever han det som at grunnen forsvinn under føtene, utan at nokon veit kor langt ned i det svarte holet han vil falle.
Nedover
Dagbladets måling torsdag, viste eit fall på 6,8 prosentpoeng – og eit fall på nær 10 prosentpoeng frå toppnoteringane i desember i fjor. Å slå valresultatet på 10,3 prosent frå 2017 har lenge vore rekna som sikkert, men er ikkje lenger ei sjølvfølge.
Vedum håpar nok at valkampen skal ta slutt så fort som mogleg, for trenden går klart nedover no. Valkamp i nedoverbakke er ei nådelaus affære.
[ Ingunn Ulfsten: Vi trenger politikere som forstår tro ]
I gresk mytologi er hybris definert som overmotet eller hovmodet eit menneske viser når det prøver å heve seg over dei grensene gudane har sett. Kanskje var det ikkje guddommelege avgrensingar Senterpartiet prøvde å oppheve då dei i juni krona partileiar Trygve Slagsvold Vedum til sin statsministerkandidat, men eit det var definitivt eit forsøk på å oppheve dei politiske tyngdelovene. Mykje tyder på at det også var ei avgjerd prega av stort overmot.
Skjebnesvangert
Gjennom vinteren og våren 2021 låg partiet og snuste på 20 prosent oppslutning på målingane. Frå juni til august har snittet stupt med nesten fire prosent. Partiet som i juni var på veg til komfortabel valsiger, gjer no sine dårlegaste målingar på lang tid.
Korleis kunne dei rote bort ei så trygg oppslutning? Vi er mange som gjerne skulle vore floge på veggen i Senterpartiet sine strategiske diskusjonar om dagen. Det er grunn til å tru at frustrasjonen på innsida av apparatet no må vere høg. I politikken er det himmelvid forskjell på medgang og motgang.
Vedum håpar nok at valkampen skal ta slutt så fort som mogleg, for trenden går klart nedover no. Valkamp i nedoverbakke er ei nådelaus affære.
— Emil André Erstad, kommentator
Fram til landsmøtet i juni hadde Senterpartiets sterkaste kort vore eit konstant, uavbrote fokus på kamp mot geografiske og økonomiske forskjellar, framfor snakk om spel og posisjonar. Brotet med den strategien kan ha vist seg å bli skjebnesvangert.
[ MDG med veikart: Vil gi oljearbeidere jobbgaranti ]
To andre store strategiske spørsmål kan også ha spelt inn: Jan Bøhlers overgang til Senterpartiet frå Arbeidarpartiet har ført til eit sterkare fokus på Oslo frå Vedum og andre sentrale Sp-politikarar. Det har gjort bodskapen om distrikta meir komplisert, nyansert og uklar. I tillegg har FN sin klimarapport endra fokus hos veljarane i Senterpartiets disfavør.
Hybris og nemesis
Sjølv om snittet for august – rett over 14 prosent – vil vere eit relativt godt valresultat for Senterpartiet, er det nok mange i Senterpartiet som no spør seg om strategien om å lansere ein eigen statsministerkandidat på landsmøtet i juni var riktig. Det er stor forskjell på kor mange Sp-folk som får stortingsplass med 20 prosent oppslutning og 12 prosent.
Media elsker fokus på spel og posisjonar, og ved å krone Vedum til statsministerkandidat oppfylte Senterpartiet mange journalistar sin våte draum om å halde på dette fokuset gjennom valkampen. No kan vi også måle partiets prestasjonar på meiningsmålingane før og etter den nye strategien vart lansert.
[ Emil André Erstad: Den totale krisa kan bli KrFs redning ]
I gresk mytologi vert det sagt at dei som driv med hybris, vert ramma av gudane si hemn, kalla nemesis. Kanskje er det denne straffa som har ramma Senterpartiet. Og kanskje er det akkurat det Trygve Slagsvold Vedum tenker på før han går i seng, trøtt av ein valkamp som berre lagar flokar for partiet hans, at han aldri burde prøvd å bli statsminister.