Kommentar

Derfor kan KrF klare det

Den totale krisa i KrF kan bli partiets redning på valdagen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi sat samla på Knut Arild Hareides kontor, valkvelden 2017. Då dei første prognosane kom, var KrF under sperregrensa. Resultatet var så dårleg at det kunne ende med katastrofe. Alle som var til stades i rommet hugsar korleis det vart heilt, heilt stille. På partiets valvake kunne ein sleppe knappenåler i golvet og alle ville høyrt det. Sjokket var enormt. Partiet hadde frykta eit dårleg resultat, men få hadde verkeleg trudd at stortingsgruppa skulle bli utsletta.

Katastrofen

I august 2017 var KrF-apparatet opptekne av å halde krisespøkelset unna spaltene i media. Eg veit det, fordi eg sjølv var ein del av KrF-apparatet som gjennomførte denne strategien, i rolla som rådgjevar for den dåverande partileiaren. Ein del av jobben som politisk rådgjevar var å førebu innlegg og talar som leiaren kan stø seg til, på kort varsel. Før den triste valkvelden, hadde eg skrive to forskjellige talar Hareide kunne halde etter at valresultatet var klart. Ein av desse talane hadde tittelen Katastrofen. Det var den talen som skulle gje trøystande ord til partifolka i tilfelle partiet hamna under. Det var berre dei færraste i kretsen rundt Hareide som i det heile tatt visste at denne versjonen fans.

Partileiinga har vald å fullstendig blottlegge kor dårleg stilt dei er, og med det alvoret i situasjonen der partiet kan forsvinne frå norsk politikk.

—  Emil André Erstad, kommentator

Så, etter kvart som timane gjekk, vart dei avgjerande KrF-stemmene talt opp slik at partiet sakte karra seg over sperregrensa. Først etter midnatt kunne KrF-arane puste letta ut over at det hadde gått, endå ein gong, men sjokket frå den tidlege valkvelden sat i lenge. Resultatet var elendig, men partiet var berga frå den fullstendige katastrofen. KrF hadde fått eit åttande liv i norsk politikk.

Vinnarar og taparar

Kvifor hadde ikkje Hareide ropt alarm om krisa partiet stod ovanfor tidlegare i valkampen?

I det meste av politisk kommunikasjon er regelen å stå fram sjølvsikker, suksessfull og optimistisk. Tanken er at suksess avlar suksess, fordi ingen vil vere på taparlaget. Medielogikken i ein valkamp skil sterkt mellom vinnarar og taparar. I vinnarhistoria er det ikkje måte på kor bra det går, medan taparhistoria forsterkar kjensla av det komande nederlaget. Sjå berre på korleis vinnaren Audun Lysbakken vert behandla i denne valkampen, til samanlikning med Trygve Slagsvold Vedum som på sensasjonelt vis er i ferd med å tre rett inn i ei taparhistorie.

Den no avdøde professoren i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, peika fleire gonger på kor sterk denne dynamikken er blant veljarane. Etter valet, når resultatet er klart, er folk villige til å lyge eller gløyme kva dei stemte, berre for å skape inntrykk av at dei var på vinnarlaget. Det er derfor alltid fleire som etterpå svarar at dei stemte på valvinnaren, enn dei som faktisk stemte på det partiet ved valet.

I 2017 stødde KrF-apparatet seg til den konvensjonelle valkamptenkinga om å stå fram trygge og solide for veljarane.

Desperat kamp

I august 2017 var snittet på målingane for KrF 4.8 prosent. Hittil i august 2021 er snittet 3.6 prosent. Sidan valet i 2017 har KrF i fleirtalet av månadane hatt ei gjennomsnittleg oppslutning på under dei livsviktige 4 prosentpoenga. Paradoksalt nok kan denne kontrasten vise seg å bli Kjell Ingolf Ropstads store fordel i den desperate kampen for å redde partiet over sperregrensa.

No kjempar Kjell Ingolf Ropstad for det niande livet til KrF. Rådgjevarane hans har nok hatt taleutkastet for Katastrofen klart ei stund allereie. Spørsmålet er om dei også kan la det talemanuset ligge ubrukt på pulten og byte det ut med Yes, we did it again.

Sjeldan har vi sett så tydelege appellar frå kristenleiarane på Sør-Vestlandet om å stemme KrF. Leiarskapet i partiet ser ut til å ha lukkast med å skape ei forståing i dei konservative delane av kristen-Norge om kva som er i spel.

—  Emil André Erstad, kommentator

KrF har no vald — som Vårt Land har vist til i fleire artiklar — å bryte fundamentalt med den konvensjonelle regelen om å ikkje vise seg svak i valkamp.. Partileiinga har vald å fullstendig blottlegge kor dårleg stilt dei er, og med det alvoret i situasjonen der partiet kan forsvinne frå norsk politikk.

Det viser til dømes den direkte og formanande bodskapen Kjell Ingolf Ropstad hadde til dei frammøtte partikollegaene i si tale under Arendalsuka: «Nå er det ikke tid til å sitte stille. Det er et krevende utgangspunkt. Vi ligger like ved sperregrensen. Det er fint at dere sitter her nå, men ikke sitt for lenge. Fortell at det er mye som står på spill». Etterpå følgde partikollega og KrF-statsråd Dag Inge Ulstein opp med at «skal vi være helt ærlige, så er det nå på håret. Det kan handle om noen hundre stemmer.»

Strategisk mobilisering

KrF-strategane er klare på at det har skjedd eit taktskifte i partiets kamp mot sperregrensa. No skal dei ikkje lenger legge lokk på desperasjonen, men tvert om blottstille den for veljarane.

Det er sjeldan sterk kost i norsk politikk. Men det har skjedd før.

Sist gong vi såg noko liknande var frå SV i valkampen 2013. Den gongen kjempa partiet ein hard kamp mot sperregrensa etter åtte år som juniorpartnar i regjering. Partiet sa rett ut til veljarane at valkampen handla om partiets eksistens. Det skulle appellere til alle dei som ikkje kunne sjå for seg Stortinget utan SV. For SVs del enda det så vidt over med 4.1 prosent.

KrF har jobba strategisk og godt med å mobilisere i miljøa som tradisjonelt har produsert kjerneveljarar på løpande band. Sjeldan har vi sett så tydelege appellar frå kristenleiarane på Sør-Vestlandet om å stemme KrF. Leiarskapet i partiet ser ut til å ha lukkast med å skape ei forståing i dei konservative delane av kristen-Norge om kva som er i spel. I eit innlegg som er skrive av mellom andre Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, står det: «Mye kan sies om KrFs politiske prioriteringer og utspill de siste årene, og noe er vi direkte uenige i. Nå mener vi likevel at tiden er inne for å gå til det uvanlige skritt å oppfordre kristne til å gi sin stemme til et bestemt parti».

Kriseforståing kan redde

Eit av elementa som KrF-arane no brukar aktivt inn mot kristne miljø, er eit skarpt fokus på at trusfridomen for konservative kristne vil kome under sterkare press utan KrF på Stortinget. Det er eit forståeleg, effektivt og viktig argument for å legge bort sitt eige primærsyn i synet på KrF, for å gje partiet sjanse til å overleve vidare. Ein av dei som har gjort dette, er den kjende teologen Geir Gundersen, som i mange år var generalsekretær for Blå Kors. Han samanfatta det slik på den offentlege Facebook-sida si: «I går røysta eg på KrF. Mitt hjarta og hovud går mot venstresida i norsk politikk. Eg vil ikkje gråte om det blir eit regjeringsskifte, eg sørgde då Hareide tapte striden om linja til KrF. Men eg vil sørgje meir om KrF kjem under sperregrensa.»

Akkurat no handlar alt om å overleve. Internt i partiet er det ei sterk forståing av at noko må skje med partiets profil viss det skal overleve på lengre sikt, men at det akkurat no handlar om å skaffe dei siste desimalane som trengst for å kome over sperregrensa den 13. september. Den sterke kriseforståinga i partiet og blant tidlegare støttespelarar kan vere nok til å sikre partiet ein ny runde på Stortinget.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar