Kultur

Dei andre heltane i norsk skule

Det finst andre forteljingar om norsk skuleungdom vi bør lytte til enn forteljingar om tryggleiksrisiko og generasjon prestasjon. Det meiner Marte Spurkland, forfattar av den brageprisnominerte dokumentarboka Klassen.

«Det hender hun sitter og ser utover klasserommet og elevene som sitter rundt henne. Lurer på hvordan de har det. Hva de tenker på og hvordan de føler seg, de som ikke har knuter av identitetstvil, gjeld og pappaproblemer i hodet til alle døgnets tider.» Dette er det Nahid som sit og lurer på, ei irakisk-kurdisk jente som går tredjeklasse på ein vidaregåande skule ein stad på austlandet. Ho er ein av sju anonymiserte elevar som journalist og programleiar Marte Spurkland har intervjua gjennom heile skuleåret 2016/2017, til ei dokumentarbok som skal syne fram ein annan skulekvardag enn den vi ser i media kvar dag.

– Som journalist har eg jo vore med på å lage mange saker om skule og læring, og det har svært ofte handla om generasjon prestasjon, desse skuleflinke elevane med ressurssterke foreldre som feiar alle problem dei måtte støyte på under teppet, dei som får psykiske problem og ikkje er rusta for motstand når dei først møter det, fortel Spurkland.

I tillegg til mange og lange intervju med desse elevane, har ho også snakka med klassens kontaktlærar, som ho har kjent i ti år og som vart eit heilt nødvendig bindeledd for kontakten med elevane. Kontrasten mellom Spurklands oppleving av kva historier om skule som fekk plass i media og dei forteljingane som denne læraren fortalde, var stor.

– Dei siste åra har vi fortalt nokre hovudforteljingar om norsk skuleungdom, men det finst så mange andre, som vi også bør lytte til.

LES OGSÅ: Forfattarintervju med Arundhati Roy 

På vippen

Nahids blikk er først er prega av bitterheit, der ho lurer på om dei faktisk sett pris på dei enkle liva sine, klassekameratane hennar som ikkje ventar på svar frå UDI om dei får bli i landet eller ikkje, og som ikkje har ein valdeleg far dei må beskytte familien mot. Men ho kjem snart fram til den same slutninga som lesarane av denne boka også gjer: «Alle har sine historier. Hun er ikke den eneste som strever.»

For det er historiene til nokre av desse som strevar, Spurkland vil fortelje i denne boka.

– Heilt i det siste har vi jo fått nokre oppslag om skuler med høg tryggleiksrisiko, altså historier frå motsett ende av skalaen frå prestasjonsgenerasjonen. Dei eg skriv om, er midt imellom, dei som er på vippen mellom å vere innanfor eller hamne utanfor, fortel ho.

Dette er historier om ungdommar med sterke evner og høge ambisjonar, med problem på heimefronten som kjem i vegen for lekselesing, konsentrasjon og oppmøte.

– Kvifor er desse historiene så viktige?

– Dei er viktige for å få det innblikket i den heilt normale skulekvardagen, dei historiene vi ikkje har høyrt på ei stund.

For sjølv om denne skulen har ein større del minoritetsungdom enn dei fleste andre norske skular, ligg han berre rett under det nasjonale snittet når det gjeld karakterar og fullføring.

LES OGSÅ: Forfattarintervju med Jonathan Safran Foer 

Må tilpasse

– Droppar elevane ut av vidaregåande, er sjansen stor for at dei hamnar utanfor på andre område seinare i livet. Derfor er dette noko som angår oss alle, seier Spurkland.

Kristinn Hegna, førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk ved UiO, har lese boka. Ho stiller spørsmål ved om skulen er rigga for dei utfordringane elevane står overfor.

– Den diskusjonen som har gått dei siste åra, vil gjerne konkludere med at skulen ikkje er tilpassa gutar. Samstundes er det langt fleire jenter som seier at dei slit med stress i kvardagen, så då kan vi vel ikkje seie at skulen er tilpassa dei heller – i det heile er kanskje ikkje skulen så tilpassa dei mange som slit, seier Hegna.

Ho meiner at denne boka viser at det er mange ulike elevar som slit med ulike utfordringar, og at skulen må spørje seg om kva den kan gjere for å legge betre til rette for dei.

– Boka viser også kor viktig banda til læraren er, og eg håper ho kan bidra til ein diskusjon om kva lærarrolla i vidaregåande skal vere. Kva sider ved lærargjerninga er det som har mest betyding? Det er viktig at elevane er på skulen, og at læraren har kompetanse, men fråværsgrense og fagleg kursing bidrar ikkje på det feltet som først og fremst handlar om psykososiale utfordringar.

###

LES OGSÅ: Tvileren Thomas 

Imponerande

I tillegg til
Nahid møter vi Carina som slit med angst, Mouna som er fanga i ein situasjon av sosial kontroll og Daran som er skuleflink, men som er tilknytt ein gutegjeng med dårleg innflytelse. Vi
møter Rebecca, som er blitt
utsett for eit valdtektsforsøk ho ikkje tør å fortelje om, Emily, som er så redd for å skuffe foreldra at ho blir heilt utsliten og Max, ein svært reflektert gut som slit med å kome seg påskulen. Sist, men ikkje minst: Anette – læraren som har bestemt seg for at om elevane prøver, så
skal ho hjelpe dei gjennom
skulen – koste kva det koste vil.

– Kor mange gonger har vi ikkje høyrt historia om eleven som fullfører med berre seksarar på vitnemålet? Av og til kan det ligge ganske oppsiktsvekkande prestasjonar bak ein trear, seier Spurkland og fortel om då Nahid kjempar seg til ein trear i kjemi, midt oppi alt det andre ho strid med, kor imponerande det er.

– Med denne boka ville eg formidle ei anna helteforteljing, ikkje om dei som får best karakterar, men om dei som jobbar hardast for å vippe den riktige vegen. Desse elevane tar det som livet slenger mot dei, på strak arm og med humor, det har verkeleg imponert meg.

Viktig jobb

Undervegs har ho lært mykje.

– Eg har blitt minna om korleis det er å vere 18 år. Eg har sett kor forskjellige folk kan vere, og kor mykje ein person kan bety.

For mange av desse elevane utgjer Anette heile forskjellen. «Innimellom blir jeg skremt av hvor tett innpå dem jeg kommer. Hvor raskt jeg blir det første mennesket de snakker med om gleder og bekymringer», fortel ho i boka.

– Det er jo ikkje alltid ho gjer noko, innimellom har ho ikkje andre verktøy enn å lytte. Men då gjer ho det. Det er mange lærarar som gjer denne viktige jobben, og det trur eg vi er for dårlege til å premiere oppi all diskusjon om faglege kvalifikasjonar – sjølv om det også er viktig, seier Spurkland.

Før helga vart det offentleggjort at Klassen er nominert til Brageprisen.

– Eg vart sjølvsagt kjempeglad for det. «Kven er det som gidd å lese ei bok om oss?» har elevane spurt fleire gonger undervegs. No ser dei at dette absolutt er ei bok som folk vil lese.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur