Bøker

‘Eg kunne ikkje vere Indias ansikt’

20 år etter debutromanen er den ­kontroversielle og populære indiske forfattaren og aktivisten Arundhati Roy aktuell med ein djupt politisk roman.

– Det handlar ikkje berre om det som er gale med India, det handlar om det som er gale med verda­, seier Arundhati Roy, ­indisk forfattar og aktivist, til ein fullsett Wergeland-sal på Litteraturhuset i Oslo. Dette er andre kvelden på rad at ho vitjar scena, men billettane er likevel utselde.

###

Frå å vekse opp i fattige kår i Kerala i India, som dotter av ei kristen-syrisk kvinne og ein fråverande far, er Arundhati Roy blitt ei slags superstjerne. Ho er elska og hata i heimlandet og kjend over heile verda for sine litterære evner og for sitt engasjement for dei fattigaste og mest sårbare gruppene i eit mangfaldig, moderne og korrupt India. No er ho aktuell med romanen Ministeriet for den høyeste lykke, 20 år etter at ho debuterte med eit brak i 1997.

LES OGSÅ: Religionens voldelige side

Vegskilje

Noreg var det første landet utanom India som gav ut debutromanen Guden for små ting. Derifrå balla det på seg, og romanen, som er ei kjærleikshistorie på tvers av grenser, lagt til Roys heimstad Kerala, vart etter kort tid omsett til meir enn 40 språk. I løpet av 1997 hadde boka seld i fire millionar eksemplar på verdsbasis og blitt tildelt den høgthengande Man Booker-­prisen. Men i kjølvatnet av utgivinga fann Roy seg ved eit vegskilje.

– Ved utgangen av 1997 var ansiktet mitt å sjå på alle bladframsider, seier ho til Vårt Land.

På grunn av si stilling, følte ho at ho måtte heva stemma for all urettferda i landet – ho vart ­politisk aktivist.

– Dette var ei tid då India var i endring, det hindunasjonalistiske partiet BJP fekk regjeringsmakt, India sette i gang ei rekke kjernefysiske prøvesprengingar, og store selskap tok land frå fattige­ og dreiv dei frå heimane sine, fortel ho.

Roy vart brukt som eit bilde på dette nye framstormande og vellykka India.

– Om eg ikkje hadde sagt noko, kunne det sjå ut som eg var ­positiv til utviklinga.

Ho byrja skrive essay som var radikalt kritiske til atomopprusting og kraftutbygging. Skrifta vart eit våpen mot økonomisk ulikskap, religiøs nasjonalisme og global nyliberalisme.

LES OGSÅ: Vil gjøre India hinduistisk

Statsfiendar

– Mykje har altså skjedd sidan Guden for små ting. Var det veldig annleis å skrive denne romanen?

– Universet utvida seg på ein avgjerande måte på slutten av 90-talet, og ei slik intim kjærleikshistorie eg skreiv fram i min første roman, var ikkje lenger tilgjengleg for meg.

Det betyr ikkje at Guden for små ting ikkje var politisk, den adresserer også kastesystemet, som Roy kallar ein brutal hier­arkisk struktur. Men i denne ­romanen gjennomsyrer politikken alle laga og i den fleirstemde forteljinga, og vi les om overfylte sjukehus, fattigdom og krig, og dei som Indias eventyrlege vekst går på kostnad av.

Boka startar på femtitalet med fødselen av Aftab, ein etterlengta son i ein muslimsk familie. Men Aftab viser seg å vere ei kvinne­ i ein mannskropp, det som i India tradisjonelt sett har blitt kalla ein hirja. Ho tar etter kvart namnet Anjum og flyttar frå familien sin og inn i eit kollektiv av hirjaar, som alle kjem frå ulike religiøse bakgrunnar. Det er nok ikkje tilfeldig; kristne og muslimar blir av mange sett på som statsfiendar i India, og Roy har engasjert seg djupt i det ho kallar pogromar på muslimar fleire stader i India. Opprøret i Gujarat i 2002, der mellom 1000 og 2000 muslimar vart drepne, blir ei viktig hending i romanen, og ikkje minst får konfliktområdet Kashmir ein heilt sentral plass i siste halvdel av boka.

LES OGSÅ: Såpe for sosial endring

Anjums tru får også ein viktig funksjon i romanen.

– Som mange muslimar og hinduar i India, går Anjum i heilagdomen tileigna Hazrat Sarmad Shaheed, som blir romanens ånd, seier Roy.

Shaheed var ein persisk mystikar og poet, som reiste rundt i India på byrjinga av 1600-­talet og i poesien sin insisterte på at han korkje var jøde, muslim ­eller hindu.

– Han blir ein helgen for dei som ikkje kan kategoriserast.

Menneska i boka klarer å finne seg ei lykke på stader der samfunnet meiner det ikkje er mogleg, slik til dømes Anjum, saman med mellom andre den konverterte muslimen Saddam Hussain og den blinde imamen Ziauddin lagar seg ein heim og ein fellesskap på ein kyrkjegard i Delhi.

Midtvegs uti romanen får vi eit brått skifte, der vi forlet Anjum som hovudheltinne og ein mannleg eg-forteljar stig fram, som er tilsett i etterretninga.

– Han tvang seg berre på i skrivinga, seier Roy, noko som kan forklare dette uventa grepet.

– Han er jo eit menneske med kjensler og feil, men også til dels statens røyst, som vil kontrollere narrativet og perspektivet.

LES OGSÅ: Muslimer frykter forfølgelse

Handlar om alt

Arundhati Roy blir sett på som ein trussel mot regimet og som anti-indisk. Samstundes blir bøkene hennar lesne av eit breitt publikum også i India. Bodskapen meiner ho blir spreidd også til dei som ikkje kan lese.

– Kor går skiljet mellom ­politikk og kunst i den skjønnlitterære skrivinga di?

– Det er vanskeleg å svare på, men det kan ligge eit svar i det som er forskjellen mellom essaya og romanane mine. Eit essay er ei oppmoding til å handle. Ein roman er ein invitasjon til å vandre gjennom eit univers, derfor handlar den om alt på ein gong: kaste, kjærleik, galskap, krig. Han er også tidlaus og universell.

Frå scena på Litteraturhuset kom ho med eit hjartesukk når ho sjølv blir omtalt som forfattar på den eine sida, aktivist på den andre, og utdjupar til Vårt Land:

– Det er så rart at det er eit ideal at forfattaren skriv som om han eller ho er isolert frå omverda. Det er eit privilegium som er få unnt, og det går ikkje i ­India. Der sparkar politikken inn døra di.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker