Olav Dag Hauge 22.juliHAV: Eit folkehav møter Olav Dag Hauge idet han slår opp dørene til Oslo domkirke søndagen etter 22. juli 2011.(Foto: Tuva Skare)
Før minnegudstenesta etter 22. juli er det kaos i kyrkja. Brått forandrar rommet seg
Midt i den verste tragedia i nyare norsk historie, opplever Oslo-domprost Olav Dag Hauge at Gud sender ei fysisk redning til han.
Høljeregnet trommar høglydt mot det kvitkarma hyttevindauget denne grå midtsommardagen i 2011. Dei insisterande dråpane akkompagnerer sportskommenteringa frå TV-en, og står til synet av trikotar i gult, grønt og rosa som tråkkar rekordraskt oppover alpefjella.
Dåverande domprost i Oslo, Olav Dag Hauge, har søkt nokre dagars fred i heilandskapet utanfor Notodden – ein pustepause frå prostegjerninga og sommarjobben som vikar for Oslo-biskopen.
– Vêret er forferdeleg. Så det eg kan bruke dagen til, er å sitte inne og sjå på Tour de France, fortel Hauge.