Kampen mot systemet

Leviatan blir i Bibelen omtalt som eit frykteleg sjøuhyre. Den russiske filmen med same namn er like skremmande.

Ungdommen Roma (Sergej Pokhodaev) fortviler over nettet som snører seg saman i den russiske regissøren Aleksej Zvjagintsevs nye film. er ein av dei mest interessante filmane som kjem på kino no i vinter, og ein svært sterk kandidat til Oscar-statuetten for beste utanlandske film, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

MELDING: I Jobs bok i Bibelen møter vi ein mann som mister alt, både kone, barn og eigedom. Lagnaden er på sett og vis den same for hovudpersonen i den russiske filmen Leviatan, som denne veka blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Kolja (Aleksej Serebrjakov), eit kjælenamn for Nikolaj, bur ein stad mot nord, i den russiske provinsen, saman med den yngre kona Lilja (Elena Ljadova) og sonen frå eit tidlegare ekteskap, Roma (Sergej Pokhodaev). Kolja er ikkje rik, han arbeider som bilmekanikar og altmoglegmann, men har eit hus på ei fin tomt ved havet. Denne tomta ønskjer den korrupte borgarmeisteren Vadim (Roman Madianov) å slå kloa i. Vadim har ekspropriert tomta for ein billeg penge, men Kolja kjempar imot. Han har engasjert ein gammal kamerat som er blitt hotshot-advokat i Moskva, Dima (Vladimir Vdovitsjenkov), til å ta opp kampen mot det rotne systemet.

LES FILMANMELDELSE: Staying Alive i bitter skilsmisse

Bibelsk symbolisme

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS