Film

Bitter ­skilsmisse

Imponerande debutfilm om kor vondt det er å vere den svikne parten når eit forhold går i oppløysing etter utruskap.

MELDING: Regidebutanten Charlotte Blom imponerer med spelefilmen Staying alive. Blom har sjølv skrive manuset som handlar om komplikasjonane som kan oppstå ved skilsmisse. Marianne (Agnes Kittelsen) er i midten av 30-åra og har to barn med ­Håkon (Anders Baasmo Christiansen). Heilt ut av det blå oppdagar Marianne at Håkon er utru mot henne. I lang tid har han hatt ein affære med den vaffelsteikande rekneskapsdama Frida (Heidi Toini). Dermed blir kvardagen snudd på hovudet for den vesle familien, ikkje minst for Marianne. Filmen, som kan sest både som drama og komedie, viser kor vondt det er å vere den svikne parten når eit forhold går i oppløysing etter utruskap.

LES MER: Kan fylle kofferten med Oscar-statuetter

Relevant og komisk

Staying alive er godt plassert i vår eiga tid, med mange karakteristiske detaljar i biletet, både interiør, plakatar og kattemaskar. Blom lukkast svært godt med å gjere­ handlinga både relevant og komisk. Det er først og fremst samspelet mellom Agnes Kittelsen og Anders Baasmo Christiansen som verkeleg gneistrar, mens Linn Skåbers rolle er den mest frenetisk komiske på godt og vondt.

Filmen er sterk på dei små kvardagsscenene, som når Marianne brukar støvsugar på skyene for å underhalde barna. Og på dei ekstraordinære scenene, som når minsteguten slikkar på potetgullflaka i det Marianne og Håkon fortel at dei ikkje skal vere kjærastar og bu saman lenger.

Følg oss på Facebook og Twitter

Dialogen er heile vegen realistisk sjølv om han også har komiske overslag. Blom klarer å balansere mellom komikke og store og viktige spørsmål: Kan ein legge utruskap bak seg og gå vidare? Korleis er det når ei anna kvinne kaprar mannen din og attpåtil blir populær blant barna?

LES MER: Går tett på Snåsamannen

Spennande nyanser

Dei små nyansane i dialogen er spennande, som når Håkons kommentarar er både truverdige og fullstendig idiotiske på same tid. I ei scene, i stilla etter stormen, seier Marianne at av dei to, ville ho eigentleg trudd at det var henne sjølv som ville vere utru først. Håkon svar: «Ja, ikkje sant? Eg er ikkje den typen.»

Nokre få scener blir trekt litt for langt, ikkje minst dei som nærmar seg slapstickhumor. Når det er sagt, er Staying alive ein imponerande god debutfilm. Charlotte Blom er ein ny spennande regissør å følgje med på.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film