Barn ønsker at klassekameratar forstår seg betre på deira religion
Forsking på mangfald og trusopplæring gav mange overraskingar for Anders Aschim og forskarteamet. Blant anna at muslimske og katolske elevar vel å leggje igjen trua utafor klasserommet.
SKULE, KYRKJE, MOSKÉ: Anders Aschim, professor i religion, livssyn og etikk ved Universitetet i Innlandet har ilag med 12 andre sett på mangfald og trusopplæring.
Lea Kristin Albertsen
«Kva skal du i helga?»
Det høyrest ut som eit heilt vanleg spørsmål. Men for barn og unge med katolsk eller muslimsk bakgrunn i Noreg, er svaret ofte noko heilt anna enn ein forventar. Dei skal ikkje nødvendigvis på kino, på hytta eller til byen. Dei skal i moskeen. I kyrkja. Eller dei skal ha undervisning.
– Det er nettopp dette spørsmålet som gav oss ideen til tittelen på boka, forklarar Anders Aschim.