– Han blei ei viktig motstemme til Adolf Hitler

LITTERATUR: Thomas Mann skifta politisk side, skreiv eit bibelsk storverk og kalla Adolf Hitler for Antikrist. – Han blei politisk i kampen for ein upolitisk litteratur, seier bokaktuelle Bendik Wold ved 150-årsjubileet for forfattaren.

AKTUELL BOK: – Thomas Mann var uhyre opptatt av våre fire store, Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie, og av Hamsun, seier Bendik Wold, aktuell med den første monografien om den tyske forfattaren på norsk, Blomstret og brent. Hovudverket i Manns forfattarskap er derimot skrive med utgangspunkt i bibelforteljinga om Josef i 1. Mosebok.
Publisert

– Thomas Mann har kanskje ikkje lenger ein sikker plass på det litterære A-laget, seier Bendik Wold.

Kulturredaktøren i Klassekampen er aktuell med den første monografien om den tyske forfattaren på norsk – godt planlagt opp mot 150-årsdagen for Manns fødsel den 6. juni. Ifølgje Wold har Mann ein tendens til å bli plassert i «nivå to» blant litterære klassikarar fordi han ikkje var ein utprega modernist, men forankra i den realistiske romanen frå 1800-talet.

– Mann var inspirert av dei store russarane og skandinavisk litteratur. Han var uhyre opptatt av våre fire store, Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie, og av Hamsun, seier Wold, som også av den grunn synest det er rart at det ikkje er skrive meir om Thomas Mann på norsk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS