NY START: Eg fekk ei mental mørk sky over meg då eg var i Oslo, seier musikar Emil Nikolaisen.
Erlend Berge
- Eg har lært meg å forstå kva nåde er
MUSIKK: Støyguru Emil Nikolaisen opplever eit guddommeleg kall til å lage og løfte musikk. I helga inviterer han til skamlyse netter i Moss. – Eg hadde eigentleg trekt meg tilbake frå alt, seier han i eit sjeldan intervju.
I Møllebyen i Moss, vakkert plassert langs
Mosseelva, skjer noko av det mest spennande du for tida kan finne innan norsk
kunst- og kulturliv. Her har eit knippe kompromisslause åndsmenneske rotta seg
saman for å skape kunstopplevingar som tenner flammen i deg. Midt i det heile,
som no i helga toppar seg i festivalen Lyse Netter – eller Skamlyse netter, som
han heiter i år – finn vi Emil Nikolaisen, for mange kjent som krumtappen i
norsk alternativ rock.
– Eg hadde eigentleg trekt meg tilbake frå
alt, seier Nikolaisen.
– Men så fekk eg ei melding frå Elvira om eit lokale eg berre måtte komme
og sjå på. Og plutseleg stod eg her med nøklane i handa.
Bestill abonnement her
KJØP