Norsk deltaking i TISA-forhandlingane? Ei trist sak.

Det er på sviktande grunnlag at utenriksminister Børge Brende prøver å rettferdiggjere at Norge er med i forhandlingane om ein ny frihandelsavtale for tenester, TISA.

Publisert Sist oppdatert

Utenriksministeren svarer den 12. juni på eit skriftleg spørsmål i Stortinget om desse forhandlingane frå Fredric Holen Bjørdal. Desse forhandlingane har pågått i eitt år no utanfor WTO-systemet, etter at dei mest frihandelsivrige landa med USA i spissen, ikkje får det fort nok som dei vil innanfor WTO. Det er mange, særleg frå ulandshald, som kritiserer desse forhandlingane for å undergrave WTO, og det er derfor rimeleg frimodig av ministeren å hevde at "På eit overordna nivå har det frå norsk side heile tida vore eit mål at TISA-avtalen skal medverke til å styrke det multilaterale handelssystemet".

I tillegg uttrykker Brende håp om at "forhandlingane innanfor ramma av TISA skal medverke til framgang i arbeidet for å kome tilbake til forhandlingsbordet på dei områda som står att i Doha-runden." Som om dette evt skulle ein vere ein "framgang" for alle. Faktum er at mange WTO-land, igjen særleg fleire uland, ser på dette perspektivet som ein trussel, fordi ein TISA-avtale (som TTIP) vil kunne tvinge på dei eit regelverk som dei på ingen måte ser seg tente med. Det at Norge, i selskap med dei femti mest liberalismeivrige landa på denne kloden, er med på desse forhandlingane, er på denne bakgrunnen både uforståeleg og trist.

Det at TISA-avtalen (og TTIP) vil gå endå lenger i liberalisering enn det som alt er tilfelle for WTO sitt regelverk, viser kor ekstreme desse avtalane er. Situasjonen i WTO er frå før vanskeleg nok for ulanda. Eit eksempel på kva det her er snakk om, gjeld ei sak der USA no brukar det gjeldande WTO-regelverket til å hindre India i å bygge opp ein eigen solenergi-industri. Dette vil India stimulere til ved å kreve at lokale (indiske) produsentar i nye solenergiprosjekt i India skal stå bak minst halvparten av produkta. Dette burde vere eit rimeleg tiltak i eit land som faktisk også har desperat behov for arbeidsplassar til sine innbyggarar... Dette kan altså ikkje USA, på vegne av den amerikanske solenergiindustrien, akseptere, og WTO-regelverket er alt slik at India kan få problem med å få praktisere ein politikk som i si tid var heilt naturleg for Norge i etterkrigstida. Initiativtakarane til TTIP og TISA-avtalene vil altså gå endå lenger i liberaliseringsgaleien, og gjere slike prinsipp heilt einerådande. Det er politisk bondefangeri på det mest groteske.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS