Vårt Land på lederplass:
Barnas dag, ikkje alkoholens dag
17. mai er ikkje ein dag for å drikke frå morgonen av.
Beate Oma Dahle
17. mai er barnas dag, men det kan fort også bli alkoholens dag. Oslo bystyre har i vår vedtatt at serveringsstadar skal få lov å skjenke alkohol frå klokka 08.00 på søndagar, og heilag- og høgtidsdagar.
Så viktig var det for bystyret i hovudstaden vår å få dette på plass til nasjonaldagen, at saka vart hastebehandla.
Det er smått utruleg. For sjølv om det finnes argument for alkoholservering frå tidleg morgon på 17. mai, finnes det få gode grunnar.