Likestilling er også ei stilling
Eg har ingen problem med å bli kjønnskvotert. Det er nemleg ikkje mogleg for meg å overtyde folk om at eg veit kva eg driv med viss dei aldri får møtt meg i første omgang.
Å møte seg sjølv i døra er sjeldan behageleg. For ein pensjonert ungdomspolitikar kan desse møta vere ekstra harde.
Under landsmøtet til KrF for eit par veker sidan, då eg var på jobb på desken i Vårt Land, hadde eg fleire slike møter med yngre utgåver av meg sjølv.
At det kom til strid og harde ord om prideflagg og den offentlege skulen var i grunnen ikkje så overraskande. Det er også ein diskusjon som er verd å ha, sjølv om lina KrF no har lagt seg på er uheldig. Den vil svekkje partiet sitt truverd i framtidige diskusjonar om kva det skal, og ikkje skal, vere plass for i skulen. Det er, forsiktig sagt, ikkje til partiet sin fordel når ein skal diskutere så vel KRLE-faget som høvet til å arrangere møter i skulelaget.