FN-sjefen på klimatoppmøtet: – Vi er på full fart mot klimahelvete
KLIMA: FNs generalsekretær António Guterres teikna eit svært dystert bilete av kampen mot klimakrisa då han gjekk på talarstolen i Sharm el-Sheikh måndag.
FN: FNs generalsekretær António Guterres saman med Egypts president Abdel Fattah El-Sisi på klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh måndag.
Nariman El-Mofty/AP
– Vi er på full fart mot klimahelvete. Menneskja har eit val: samarbeide eller gå til grunne, sa Guterres då han talte til klimatoppmøtet COP27 i Egypt.
FN-sjefen bad om ei pakt mellom dei rikaste og fattigaste landa i verda for å påskunde overgangen frå fossilt brensel til fornybar energi. Han bad også om å styrkje finansieringa som trengst for å sikre at fattigare land kan redusere utslepp og takle konsekvensane av global oppvarming.
– Dei to største økonomiane – USA og Kina – har eit spesielt ansvar for å gå saman for å gjere denne pakta til røyndom, sa Guterres.