Finn sjelero i knitring, spraking og støy

Lasse Marhaug og Petter Flaten Eilertsen lagar musikk av straum og gammalt skrot som manglar rytme og melodi. Det får dei ro i sjela av.

Reportasje

– Musikken min høyrest ut som når høgtalarane er øydelagde. Det er slik eg vil ha det, seier multikunstnar Lasse Marhaug.

Om lag ein gong i året går eg på støykonsert. Som oftast må eg gå åleine. Men det gjer ingenting. For blant støyentusiastar i Oslos mørkare krikar og krokar er det lett å kjenne seg velkomen, og når ulydane strøymer ut av høgtalarane skjer noko eg ikkje forstår: Skuldrene går ned. Pulsen går ned. Men trivselen, den går opp.

Ein gjennomsnittleg støykonsert ser omtrent slik ut:  Ein person står bak ein pult med eit virvar av leidningar som går inn og ut av dingsar som vedkommande skrur, ristar og slår på. Og omtrent slik høyrest ein gjennomsnittleg støykonsert ut: YUHNGO B=Q......VÅ#P="......kfæAMVrw79h5o8y4jrhæads!

Uønskt lyd

Vi er i Marhaugs studio på Grünerløkka i Oslo. Marhaug leitar i kassar etter boksar og leidningar som han koplar i saman.

– Eg brukar skrot til å spele på straum. Det er skjøre greier som blir øydelagt heile vegen, seier Marhaug som held ein boks med knottar i fem forskjellege fargar som han kjøpte av ein sikh i India.

Ifølgje klima- og miljødepartementet er støy «uønskt lyd og rekna som forureining etter forureiningslova». Trass departementets negativitet til støy, er Marhaug nøgd med å vere ein støymusikar.

– Det ligg litt motstand i omgrepet støy. Eg likar at det er eit lada ord, det er noko som ikkje skal vere der, uønskt lyd, noko er feil på eit vis. Det tykkjer eg har ein verdi, og eit politisk aspekt. God kunst bør jo stille spørsmål ved normer og reglar.

– Men kva er eigentleg støymusikk?

– Det er musikk kor dei tradisjonelle bestanddelane som melodi, tonalitet og rytmikk ikkje er så sentrale. Så støymusikk er meir lydmusikk, kor samansetting av lyd laga på utradisjonelle instrument blir brukt på eit anna vis. I tillegg er alt lov i denne sjangeren.

Meditativ effekt

Når musikken manglar rytme og melodi som hintar om kva som skal kome, meiner Marhaug at vi byrjar lytte på ein annan måte.

– Du byrjar lytte innover i deg sjølv i staden for bortover. Tilbakemeldingane frå lyttaren er difor heilt forskjellege. Ein fortel om uvêret sommaren han var 14, ein annan om to lastebilar på kollisjonskurs, ein tredje om noko vakkert.

Støymusikkens metode er å sette ukontrollerte lydar inn i ein kontrollert kontekst. Det tykkjer Marhaug er roande.

– Musikken min er berre ein stilisert versjon av det verkelege livet. Som ein fotograf stoppar eg ved eit utsnitt  og får deg til å sjå på akkurat dette her. Etterpå kjenner ein seg gjerne litt betre. For meg har støymusikk ein meditativ effekt, og eg kan få spirituelle opplevingar av det.

Etter kvart får Marhaug lyd i boksane sine og fyller rommet med knitring, spraking, og fragment frå ein Harry Potter-kassett. Eit lite stykke kaos. Men å sjå på Marhaugs kyndige hender gjev kaoset ei forklaring som kjennest roande.

---

Stille

  • Dette er den første saka i ein serie om stille. Det er ugreitt å sette fingaren på kva stille er, eller om ho i det heile tatt finst. Men støyreduserande headset og tilbod om ti dagars stille retreatar tyder på at det er mange av oss som lengtar etter stillare dagar. Difor legg vi ut på jakta etter etter stilla for deg. Vi byrjar i støyen. Nærmare bestemt hjå støymusikarane. Sjølv om desse jobbar med lydar som av dei fleste blir oppfatta som bråk, har dei truleg noko å lære deg om stille.

---

Den kvardagslege buzzelyden

Den totale stilla er umogleg å oppnå om ein er inne eller ute. Berre høyr etter. Enten kviskrar vinden deg i øyret, eller så buzzar det i eit elektrisk apparat nær deg. Ifølgje kunstnar Øystein Wyller Odden er støyen frå elektriske apparat lyden av stille i vår moderne tid.

– Buzzelyden er så kvardagsleg at du merker han ikkje før han forsvinn. Han har vore del av stilla i moderne samfunn dei siste hundre åra, seier Wyller.

Wyller har gjort sitt for å gje den kvardagslege lyden meir merksemd. I 2018 gjorde han opptak av det elektriske anlegget i ni kyrkjer. Deretter analyserte han lyden og skreiv han om til tonar som blei spelt inn på orgelet i kyrkjene.

– Å spele desse kvardagslege lydane på kyrkjeorgelet, massesuggesjonens hovudinstrument, er kontrastfullt.

Lasse Marhaug lagar musikk som manglar både rytme og melodi.

Jobbar med å halde ein sur G 

Sjølv om buzzelyden er kvardagsleg og lett å gløyme, er det mykje informasjon å hente i han.

– Årsaka til at lyden finst, er at straumen gjer om lag 50 svingingar i sekundet, alt etter tilbod og etterspørsel i samfunnet. Det tilsvarar ein tone som ligg ein stad mellom G og G#. I Statnett jobbar altså 1300 personar med å halde ein sur G.

I prosjektet «Kraftbalanse» koplar Wyller eit akustisk piano til straum. Variasjonane i straumstyrken som oppstår til ei kvar tid når eg og du skrur av og på elektriske apparat, resonnerer med strengene i Wyllers piano som byrjar vibrere og lage lyd. I praksis er det straumbrukarane som speler på pianoet.

– Lydane frå pianoet blir eit fingeravtrykk av folks straumvanar akkurat her og no.

Sauna og katarsis

Eg er framleis ikkje blitt heilt klok på kva det er som er så roande med støymusikken. Så eg tar med meg Marhaug til Kafé Hærverk i den segnomsuste Hausmania-bygarden for å snakke med støymusikar og bookingansvarleg Petter Flaten Eilertsen.

– Støymusikk er ei form for stille. Du blokkerer støy du ikkje likar og erstattar han med bråk du tykkjer er artig å høyre på, seier Eilertsen.

Marhaug er samd.

– Eg likar stilla. Eg tenker på musikken som ei form for stille. Eg tar bort alle lydane eg ikkje likar, seier Marhaug.

– Men går de til støyen for å ha det komfortabelt?

– Nei! Ofte er det litt som å vere i sauna. Det skal gjere litt vondt. Så kjem du reinsa ut på den andre sida. Det er vel ein form for katarsis, seier Eilertsen.

Marhaug kjenner til døme på at støysjangeren har fungert som utløp for kaotiske kjensler.

– Etter terroråtaka på World Trade Center i New York, oppstod det ei utagerande støyrørsle i USA. Det var ein generasjon som hadde behov for å rope, hyle, og knuse ting. Dei trengde ein reaksjon. Rørsla varte i tre-fire år før ho forsvann, seier Marhaug.

Skog vs støykonsert

– Mange tilrår folk som slit med uro å søke stilla i til dømes skogen. Men kan det vere vel så effektivt å gå på ein støykonsert ?

– Eg vil tilrå å gå på støykonsert, og så gå i skogen etterpå. Eg trur det er veldig sundt å høyre på skogens ro, og så meiner eg at mange hadde hatt godt av å gå på konsertar som utfordrar hjernen deira litt meir enn det dei går på til vanleg, seier Eilertsen.

LES MER

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje