Bilde 1 av 4

Olav den heilage låg her

– Dette handlar­ om tru, seier­ ­arkeologen bak funnet av Klemens­kyrkja i Trondheim. Men den katolske soknepresten i byen er skeptisk til oppdaginga.

Reportasje

‘Velkomen til Klemenskyrkja, seier arkeolog Anna Helena Petersén og smiler mot følgjet på ti personar frå byantikvaren, som er på omvisning i teltet på Peter Egges plass i Trondheim.

Rundt henne står seks arbeidarar. Nokre noterar, andre tek bilete. Somme ligg på kne og børstar, grev, studerer. Regnet trommar lett på teltduken.

Bak Petersén heng eit skilt der det står NIK– Norsk institutt for kulturminneforsking. Med ein gammal vegstikke i handa viser ho fram det ho og resten av teamet har grave fram, som har skapt stor interesse dei siste vekene: Kyrkja der Olav den heilage vart lagt eitt år etter hans død.

Tilfeldig

– Dette funnet er unikt i både norsk og internasjonal samanheng, sa riksantikvar Jørn Holme då han besøkte utgravingane førre veke.

Arkeologane meiner dei har funne grunn­muren til Klemenskyrkja. I tillegg er det grave ut ein rektangulær, plattformliknande steinkonstruksjon, som dei meiner er alteret.

Ifølgje sagaen skal kista med kong Olav ­Haraldsson ha blitt grave opp frå breidda av Nid­elva i Trondheim 3. august 1031, eitt år etter at han fall under slaget ved Stiklestad. Biskop Grimkjell skal ha vore til stades då kista vart opna, og han fekk sjå at kongens utsjånad ikkje var endra på nokon måte. Han var framleis raud i kinna, som om han nettopp hadde sovna.

Dermed vart det avgjort at kong Olav verkeleg var heilag. Kroppen hans vart tatt inn i Klemenskyrkja og bisett over høgalteret. Sidan skal kroppen hans ha blitt flytta fleire gongar, men plasseringa av Klemenskyrkja har vore eit mysterium.

Heilt til det kom ein søknad om å setje opp eit næringsbygg på tomta som ligg mellom Søndre gate og Krambugata i Trondheim sentrum. Området vart vurdert som så viktig, at riksantikvaren stilte krav om ei avgrensa utgraving først.

I fjor haust fann Petersén og kollegaene steinfundamentet til ei kyrkje og fleire graver under ei forundersøking av området.

KOMMENTAR OM KLEMENSKIRKEN: Det var her Olav den «grusomme» ble til «den Hellige»

Skeptisk

– Vi såg heile tida at denne kyrkja var bygd på ei overflate. Og så var det den rare strukturen i midten. Kunne det vere alteret, spurde prosjektleiar Petersén seg.

Klokka tre måndag morgon ein dag i oktober, ­etter ein dårleg natts søvn, gjekk det opp for henne: Klemenskyrkja.

– Det kjem aldri til å stå ein namnelapp på denne kyrkja, men eg trur det er staden der dei la Olav, seier ho.

Sokneprest i Den katolske kyrkja i byen, Egil Mogstad, tykkjer det er fantastisk viss det er tilfelle. Men han er skeptisk.

– Orsak, men eg er også kunsthistorikar og eg vert ofte oppgitt over arkeologane. Dei er veldig raske til å uttale seg om ting dei ikkje har greie på, seier han.

– Det kan godt vere dei har rett, men det går litt for raskt fram. Dei kunne iallfall gitt seg eit år med forsking og samarbeid før dei går så sterkt ut, meiner han.

– Korleis kan du vere så sikker på at det er Klemenskyrkja, Petersén?

Ho lener seg framover bordet. Vi sit i matrommet, rett ved teltet med utgravingane.

– Vi seier ingenting som vi ikkje kan forankre i arkeologien. Vi baserer oss på dateringar, på landskapet, på plasseringa av kyrkja og strukturane rundt, seier ho.

– Enkelt forklart kan ein seie at det er ei stavkyrkje. Vi finn steinfundament, og oppå har det vore ein slags platting, med stolpar og ståande plankeveggar. Den er datert til år 1015. Og den ligg i det landskapet der ein reknar med at kongsgarden og kyrkja låg. Vi veit at dei brukte å ligge tett i byane, forklarar ho.

LES OGSÅ: Funnet er unikt

AAAAAAAAAAAAAA

Eg har verkeleg stor respekt for tru. Eg kan berre førestelle meg kva dette vil bety for folk

Anna Helena Petersén, ­arkeolog

AAAAAAAAAAAAAA

Med deg i kampen

Klemens­kyrkja skal vere den første kyrkja som vart oppført i Trondheim. Den skal ha vore ganske lita, med plass til berre Olav og hans ­biskopar og prestar.

– Som St. Olavs første gravkyrkje, vart den veldig viktig. Dei første pilegrimane som oppsøkte Olavs skrin, kom mest sannsynleg dit, fortel Heidi Anett Øvergård Beistad, som er fagsjef ved Stiklestad nasjonale kultursenter.

Ho fortel historia om då Olavs son, Magnus den gode, skulle vere med i eit slag i Lyrskoghede i ­dagens Danmark i 1043.

– Ifølgje Snorre var Magnus bekymra for korleis det skulle gå. Så drøymde han om far sin, Olav, om natta, som sa at han måtte finne mot. Då han vakna, høyrde både han og hans menn ei klokke som ringde i himmelen.

Dei som hadde vore i Klemenskyrkja i Trondheim på det tidspunktet sa at det var klokka der som ringde. For å vise at Olav var på deira side.

– Klemenskyrkja blir på mange måtar eit uttrykk for at Olav er med deg i kampen. Olavshistoria blir synonym med denne kyrkja. Det er klart det er symboltungt, utan tvil, seier Beistad.

LES OGSÅ: – Han kom i skyggen av Olav den Hellige

– Handlar om tru

Førre torsdag var riksantikvar Jørn Holme på besøk i teltet i Trondheim. Framfor ein haug med pressefolk deklamerte han at dette var det største funnet i Noreg sidan krigen. Då var det vanskeleg å halde tårene tilbake for Anna Petersén.

– Eg tenkte: Eg skal ikkje gråte på TV, eg skal ikkje gråte på TV! Eg har berre jobba så ekstremt mykje med dette, og no er det ein sånn positiv energi i prosjektet. Vi jobbar som tullingar, men det er god energi, seier ho.

Torsdag denne veka var sokneprest Mogstad på omvisning i teltet, saman med biskop Bernt Eidsvig. I dag kjem preses i Den norske kyrkje, Helga Haugland Byfuglien, og domprost Ragnhild Gjepsen på besøk.

Petersén tykkjer det er viktig å halde god kontakt med kyrkjene gjennom heile prosessen.

– Kvifor?

– Fordi dette handlar om tru. Det handlar om korleis ein opplever tru, svarar ho.

Sjølv har ho ikkje ei tru i den forstand, men ho vil ikkje avfeie kva tru kan bety for andre.

– Det er til dømes viktig i samband med gravene vi har funne. Ein ting er at vi behandlar dei på ein etisk god måte. Men for den katolske kyrkja er det kanskje ikkje uproblematisk at vi opnar opp ein kyrkjegard som er katolsk, trur ho.

Arkeologen tok kontakt med den katolske kyrkjelyden i Trondheim etter forundersøkinga i fjor haust, for å høyre om dei ville ha ei markering. Ville dei kanskje velsigne gravene som var funne?

– Men dei sa at sjela hadde forlate dei kroppane. For dei var det berre bein. Men pilegrimspresten kom ned og held ei lita velsigning, fortel ho.

Petersén meiner det er svært viktig at tru bør vere ein del av prosjektet.

– Eg kan jo berre førestelle meg kva dette vil bety for folk, både for katolikkar og protestantar. Ingen er upåverka.

LES OGSÅ: Katolikkene i Trondheim: – Vi har en helt annen selvfølgelig plass i bybildet i dag enn før

Stor interesse

Ein halvannan times køyretur nordover frå Trondheim, ligg Stiklestad. Det er mørkt når vi kjem fram. Fagsjef og førstekonservator ved kultursenteret der, Heidi Beistad, tek oss med inn i Stiklestad kyrkje. Under slaget i 1030, skal Olav den heilage ha mista livet på den plassen der alteret i dagens kyrkje står.

– Kjeldene for det går langt tilbake. Viss ein ser på andre kyrkjer i Trøndelag, så ligg dei ofte oppe i høgda. Men denne ligg nede i eit søkk. Kvifor bygge ei kyrkje her dersom det ikkje er ein spesiell grunn for det, spør Beistad.

Ho merkar stor interesse for Olavshistoria blant folk.

– Det er eit stykke å kome seg til Stiklestad, men likevel kjem det 160.000 personar hit kvart år. Og dei kjem hit fordi dei har eit forhold til namnet Stiklestad og Olav.

Kjensler

Ho tykkjer merksemda rundt funnet av Klemenskyrkja er eit godt døme på kor mange kjensler som knyt seg til Olav.

– Noko av det mest fascinerande ved å jobbe her, er at det er så mange som kjenner så sterkt at Olav og Stiklestad er deira historie. Svært mange engasjerer seg, og det er veldig inspirerande, seier Beistad.

Ho er spent på korleis Klemenskyrkja no vil bli gjort tilgjengeleg for dei som vil besøke den. Ifølgje arkeolog Anna Petersén jobbar riksantikvaren med eit forslag for dette allereie.

– Eg er veldig glad for at dei tek tak i dette medan utgravinga held fram. Viss publikum, både truande og ikkje-truande, får høve til å sjå og besøke kyrkja, vil det vere til stor glede for mange, seier ho.

LES OGSÅ: – Det verste var da fotografen kom innenfor alterringen og stod mellom meg og brudeparet - Trenger nordmenn enn oppfriskning i folkeskikk?

Mykje arbeid

Ved utgravingane i Trondheim sentrum slår teltduken mot stengene som held han oppe. Vêret skiftar fort – den eine augneblinken pøsregn, den andre solgløtt frå blå himmel.

Mot slutten av omvisninga får alle gå ned for å sjå på nokre av gravene som arkeologane har funne. Somme er dårleg bevart, berre beina på den eine personen er att. Nærare alteret ligg det derimot fleire graver som er i god stand. Alle skjeletta som ligg der, er av spedbarn.

– Det er aldri funne noko sånt i Trondheim tidlegare, fortel ­Petersén.

– Det vanlege var at ein la spedbarn i graver saman med vaksne. Men dette er heilt spesielt. Det kan hende at spedbarnas kyrkjegard strekk seg heilt til neste gate.

Arkeologane vil gjerne grave meir. Petersén trur arbeidet vil halde fram i mange, mange år. Etter 30 år som arkeolog, er dette noko av det mest spanande ho har jobba med.

– Eg er ikkje ein sånn arkeolog som er oppteken av gullmyntar og fine ting. Men det å finne stor strukturar, det er spanande! Dette er eit fantastisk utgangspunkt for å forstå det tidlege Trondheim, som vi aldri har hatt nok materiale til å forstå, seier ho.

LES OGSÅ: Vatikanet strammer inn reglene for helgenkåring

Sterkt band

Nokre få minutt unna er den nye katolske kyrkja i byen straks klar for storstilt opning. Biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme meiner det er eit sterkt band mellom Klemenskyrkja og den nye domkyrkja.

– Den nye kyrkja er via til Olav den heilages ære, og Olavsrelikvien er også i kyrkja, sa han til Adresseavisa denne veka.

Utanfor kyrkja står ein lastebil som nettopp har levert skulpturen av Heilag-Olav. Enn så lenge står kyrkjas skytshelgen i ei kasse, dekt med svart teip.

Snart skal han ta plass til høgre for alteret, ved Kristus' venstre hand.

AAAAAAAAAAAAAA

Andre funn dei siste åra

Her er eit utval av funna som har fått mediemerksemd dei siste åra.

2016: Under utgravingar i Aalborg i Danmark, vart det funnen ein klump med avføring i bispegarden i 1937. På den tida vart den oversett til fordel for skåler og glas som vart funne på same tid. I dag har forskarar funne fram att «bispeklumpen». Dei meiner den stammar frå biskop Jens Bircherod, som var byens overhovud frå 1694 til 1708, og den har gitt dei ny informasjon om mat, forbruk og internasjonale kontaktar på den tida.

2016: Ein gjeng bygningsarbeidarar i Gaza avdekte det som arkeologar meiner kan vere delar av ei bysantisk kyrkje. Den skal vere rundt 1.500 år gammal. Funna omfatta deler av marmorsøyler, den eine nesten tre meter lang, og ein grunnstein som bar eit gresk symbol for Kristus.

2016: Ei historisk kyrkje blir avdekka av arkeologar i Cappadocia-regionen i Tyrkia. Undergrunnskyrkja låg i eit slott i sentrum av byen Nevsehir, som dekkjer eit område på 360.000 kvadratmeter.

2015: Ein israelsk gut fann noko då han var ute på ein piknik med familien sin i byen Beit Shemesh. Forskarar stadfesta seinare at det var hovudet til ei statue av fruktbarheitsgudinna Asherah, datert til 800 år før Kristus.

2012: Arkeologiske arbeid langs jernbana mellom Farriseidet og Porsgrunn, resulterte i funn av 50 freda kulturminne frå steinalderen, i tillegg til funn frå jernalderen. Ved Herregårdsbekken utanfor Porsgrunn fann dei tre gravplassar frå 300-500 f.kr., som kan vere del av eit større gravfelt.

2010: Arkeologar fann restane av den tidlegaste protestantiske kyrkja i Nord-Amerika, i Jamestown i staten Virginia. Funnet indikerte at trekyrkja, som vart bygd i 1608, var 18 meter lang.

2009: Israelske arkeologar fann restar av ein vegg, eit lager og ei sisterne i byen Nasaret.

– Det er grunn til å tru at Jesus og venene hans frå barndommen kjende dette huset, sa arkeolog Yardenne Alexandre i Israel Antiquities Authority.

2008: Restane av det som skulle vere ei 2.000 år gammal kyrkje vart funnen i Jordan, på grensa mot Syria. Dei låg under ei nyare kyrkje, St. Gregorius, som vart bygd rundt år 230 etter Kristus.

– Vi har gjort funn som tydar på at denne kyrkja ga ly til dei første kristne – til 70 av Jesu eigne disiplar, sa den jordanske arkeologen Abdul Qader al-Husan.

2006: Ein bulldosarkøyrar fann ei bok med salmer i ei torvmyr nært Dublin i Irland. Det var det første middelalderske manuskriptet som hadde blitt funne i landet på 200 år.

2001: Under utgravingar på Faret i sentrum av Skien, vart det funne ei stolpekyrkje datert til år 1010-1040. Arkeologar trudde det kunne vere kyrkja Hakastein, som allereie var bygd då landet, ifølgje Snorres saga, vart kristna. To kristne graver vart også funne, som kanskje er 125 år eldre enn kyrkja. Fagfolk sa at funna underbygger teorien om at landet var kristna fleire stadar før Olav Haraldsson starta si misjonstokt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje