Kan eigne, mindre seremoniar redde dåpstala?
OMSTILLING: Å bare kunne vere 20 personar under ein dåp har gitt nærare opplevingar, både for familiane og kyrkja. Men å døype barna utanom gudstenestefellesskapet ber med seg eit teologisk dilemma.
NEDAGNG: Talet på norske barn som blir døypte har gått kraftig ned dei siste tiåra. Fleire tar no til orde for at erfaringar frå pandemien er verd å ta med vidare. Her frå ein dåp i Åmot kirke i 2017.
Erlend Berge
«Tenk at me har heile kyrkja for oss sjølv!»
Utbrotet kom frå ein farfar som deltok på ei dåpsgudsteneste i Stavanger i pandemiåret 2020. Sitatet står i årsrapporten til Den norske kyrkja – fordi denne farfaren er ikkje åleine.
Gjennomgåande, for alle bispedømme i heile landet, er den positive erfaringa ved verdien av dei små samlingane. Det smittevernreglane først tvang fram, viste seg å bli verdt å ta vare på, også i normale tider. Dei små dåpsgudstenestene gir «en følelse av å høre til», heiter det i rapporten. Fleire har følt seg meir vel ved desse gudstenestene enn ved erfaringar med dåp i kyrkjas hovudgudsteneste.