Etterlyser svar på om straumstøtte til organisasjonar òg gjeld for trussamfunn

FORVIRRING: Regjeringa vil hjelpe frivillige organisasjonar med den høge straumrekninga. No vil kristne trussamfunn ha avklaring på om det også gjeld dei.

?
STRAUMSJOKK: Kyrkjelydar fortel om opptil femdobla straumrekningar, seier generalsekretær i Norges Kristne Råd, Erhard Hermansen. Ei straumstøtteordning er sårt tiltrengt.
Publisert Sist oppdatert

– Forsamlingar fortel at dei har fått sjokk når dei har fått straumrekninga si, fortel Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd (NKR).

Han, og kyrkjelydane han representerer, fryktar at den dyre straumens store jafs i budsjetta vil gå ut over aktivitetene i Kyrkje-Norge.

– Nokon har meldt om at dei har brukt opp ein fjerdedel av årets budsjett berre på éin månad. Andre fortel om ei tre-fire-fem-dobling av straumrekningar frå året før.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS