Er det fornuftig å tru at Jesus stod opp frå dei døde? Dei lærde stridast
PÅSKE: Vårt Land har spurt ulike profilar om det er fornuftig å tru på at Jesus stod opp frå dei døde. Dette seier dei.
LÆRDE: Vårt Land har spurt kristne leiarar, teologar og ein filosof om det er fornuftig å tru på Jesu oppstode. Frå venstre: Kari Veiteberg (biskop i Den norske kyrkja, Oslo bispedøme), Erik Varden (biskop i Trondheim katolske stift), Silje Kvamme Bjørndal (generalsekretær i Areopagos), Einar Duenger Bøhn (professor i filosofi ved Universitetet i Agder), Anne Mari Schiager Topland (nestformann i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja), Kjetil Vestel Haga (generalsekretær i Normisjon).
Erlend Berge, Adam Read, Alf Simensen, Katinka Grane
Vårt Land skreiv nyleg at Thor Haavik kjem med ein ny miniserie denne påska, der han tek for seg historiske hendingar kring Jesu død og eventuelle oppstode. Håpet hans er at serien skal gje gode, historiske grunnar for å tru på at Jesus faktisk stod opp frå dei døde.
Teologiprofessor Marius Timmann Mjaaland åtvarar om å leggje for mykje vekt på å finne bevis, sidan ein aldri kan bli heilt sikker på kva som skjedde då for om lag 2000 år sidan. Haavik og Mjaaland er einige om at ein aldri kan bevise heilt sikkert at Jesus stod opp frå dei døde. Men kan ein likevel seie at det er fornuftig å tru på det? Me har spurt ei rekkje personar om nettopp dette.
Kari Veiteberg: Om ikkje fornuftig, så nødvendig