Elevar fekk ikkje møtast på skulen. No nektast dei lavvo-møte

BALESTRAND: Kommunedirektøren i Sogndal seier problemet ikkje er kvar skulelag møtest, men at det skjer i skuletida. Det kan setje stoppar for planane til ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule om å møtast i lavvo i storefri.

SKOLELAG: Skolelaget på Sagatun har lagslunsj på fotballbanen. F.v.: Eyuel Weldeyohannes, Madeleine Holgersen, Amalie Holgersen, Kaja Emelí Ohma, Elim Yonas, Ester Nilsson og Malin Christine Ohma. Foto: Privat
SKULELAG: Skulelaget på Sagatun har lagslunsj på fotballbanen.
Publisert Sist oppdatert

Det såg ut som det kunne bli ei løysing på kalde lagsmøte for ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand, då Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (Laget) samla inn nok pengar til ein lavvo til ungdommane. Balestrand er ein tettstad i Sogndal kommune med om lag 800 innbyggjarar.

Men kommunedirektøren i Sogndal, Tor-Einar Holvik Skinlo, meiner at det ikkje er så enkelt.

I ei tekstmelding til Vårt Land skriv han at det ikkje er kvar elevane møtest som er utfordringa, men at det skjer i skuletida.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS