Desse er foreslegne til å bli ny generalsekretær i Misjonskirken
NY LEIAR: Misjonskirken Norge leitar etter arvtakaren til generalsekretær Øyvind Haraldseid. Vårt Land har undersøkt kven som er dei mest aktuelle kandidatane.
LEIARSKIFTE: Ingunn Folkestad Breistein, rektor ved Ansgar høyskole i Kristiansand, Stein Bjørkholt, kyrkjelydsrådgjevar i Misjonskirken Norge og Siri Iversen, pastor i Flekkerøy Misjonskirke blir dratt fram som aktuelle kandidatar til stillinga som generalsekretær i Misjonskirken Norge.
Foto: Lars O. Flydal/Rachel Olsen (Misjonsbladet)/Privat
Vårt Land har ringt rundt til ei rekkje personar med god kjennskap til Misjonskirken Norge (MKN), og høyrt kven dei tenkjer kan vera aktuelle kandidatar til stillinga som ny generalsekretær i trussamfunnet.
Til våren skal generalforsamlinga til MKN formelt tilsetje ny generalsekretær. Men før den tid skal saka gjennom ein lang prosess. Denne veka gjekk fristen på stillingsutlysinga ut, men i tillegg til ein meir ordinær utlysing, byrja arbeidet med å invitere heile MKN til å foreslå sine favorittkandidatar alt før sommaren. Eit utval av desse blir inviterte til ei uformell samtale, før dei eventuelt går vidare til eit fyrstegongsintervju.
Villig til å snakke om det