Vil løfte kyrkjekaffien til nye høgder

– Oooooh!

Begeistringa er unison idet Anita Yvonne Bach plasserer den knallrosa, Pascal-perfekte kaka på bordet.

Mellom strikketøy, heklenåler og vaffelkjeks står påskekaka ut som eit kunstverk. Bach har nyleg deltatt i NRK-programmet Bakemesterskapet – og kaka er forma etter ein standard som truleg ville gjort dommarane nøgde.

Fleire damer letter frå setet og fiklar fram mobilen for å dokumentere.

– Eg har drøymt om dette sidan eg såg du var med i programmet! kjem det frå sida.

Annankvar torsdag møtest ein stadig større gjeng til handarbeidstreff i kyrkjestua på Siggerud i Nordre Follo.

Det har blitt ein møteplass mellom lokalsamfunnet og kyrkja, som Bach og venninna starta då ho sat i soknerådet.

Begeistringa er unison idet Anita Yvonne Bach plasserer den knallrosa, Pascal-perfekte kaka på bordet. Mellom strikketøy, heklenåler og vaffelkjeks står påskekaka ut som eit kunstverk. Ho har nyleg deltatt i NRK-programmet Bakemesterskapet – og kaka er deretter. Annankvar torsdag kveld er det handarbeidstreff i kyrkjestua på Siggerud i Nordre Follo.

– Eg tenker vi må få folk inn på andre arenaar for å få dei inn i meinigheita – og vise at det ikkje er så farleg.

– Det er noko med å finne inngangen. Kor må vi starte for å skape den gjengen som tør å gå i kyrkja, som kanskje ikkje har gjort det før? seier Bach.

Kor har dei blitt av?

Det har vist seg trått å få frivillige tilbake i Den norske kyrkja (DNK). Under pandemien fekk engasjementet seg ein smell, som enno ikkje er reparert.

Nesten 20.000 frivillige forsvann frå 2019 til 2020.

Nye tal viser at frivilligheita kryp sakte opp igjen. Men «kvar femte» har ikkje komme tilbake, ifølgje DNK sjølv.

– Det er veldig positivt med utviklinga frå 2022 til 2023. Samtidig ser vi at vi ligg ein del ned frå 2019, så her må vi jobbe enno meir, seier Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet.

Hygge og rekruttering i foreining

I den panelkledde kyrkjestua på Siggerud starta dei med eitt bord i 2023. Så eitt til. Og så eitt til.

No er dei 30 meir eller mindre faste deltakarar – og fleire kjem til.

Anita Yvonne Bach

Bach, som sat i soknerådet fram til i haust, merka at det skjedde ei endring i løpet av koronaen.

– Det er noko med vanane våre. Når folk blir vane med å ikkje gå i kyrkja, ikkje gå på kyrkjekaffi, ikkje ha aktivitetar, men har blitt vane med å ta på seg sekken og gå ut med familien, så er det vanskelegare å få dei inn hit igjen.

– Men eg føler at det er på veg oppover no. Koret her blir berre større og større, for eksempel.

Handarbeidskveldane har kanskje bygd ned terskelen til kyrkja. Tanken om at ein må «kunne alle salmar» på gudsteneste eller at ein må «kjenne heile Bibelen» for å sitte i soknerådet stemmer ikkje, meiner Bach.

Her er ein arena til å snakke om også det. I tillegg til å skravle, sjølvsagt.

Anita Yvonne Bach

– Vi treng frivillige, vi også. Men kor i all verda skal ein hente frivillige viss ein ikkje har aktivitetar å tilby?

To frå handarbeidstreffet har tatt plass i soknerådet denne perioden.

– Og det er det ikkje sikkert at nokon av dei hadde gjort viss det ikkje hadde vore for denne gjengen, seier Bach.

Diakoni på nye måtar

Dei to venninnene bak fellesskapet, Anita Yvonne Bach og Cathrine Nordengen, sto for initiativet sjølv.

Ungane deira var komme i ein alder kor kyrkjelege aktivitetar, som familiespeideren dei tidlegare dreiv med, ikkje var så feitt.

– Vi sat jo alle og strikka kvar for oss. Kvifor ikkje samlast?

Aldersgrensa er 20 år, og handarbeidstreffet skal vere ein møtestad utan barn. Dei som kjem, er alt frå unge småbarnsforeldre til pensjonistar.

– Det har blitt veldig populært, konkluderer Bach.

Begeistringa er unison idet Anita Yvonne Bach plasserer den knallrosa, Pascal-perfekte kaka på bordet. Mellom strikketøy, heklenåler og vaffelkjeks står påskekaka ut som eit kunstverk. Ho har nyleg deltatt i NRK-programmet Bakemesterskapet – og kaka er deretter. Annankvar torsdag kveld er det handarbeidstreff i kyrkjestua på Siggerud i Nordre Follo.

– Kva funksjon håpar du handarbeidstreffet kan ha?

– Eg håpar det er ein plass folk kan komme utan å kjenne nokon. Ein plass kor einsame kan finne selskap, eller dei som har barn, og sjeldan rekk å gjere eigne aktivitetar, kan komme utan forpliktingar.

Nye ting til nye tider

Bach meiner at kyrkja kan og bør vere relevant i folk sine liv på plassar som Siggerud. Då må kyrkjelyden treffe barn, unge og vaksne der dei er i dag, ser ho.

– Det å ha lågterskeltilbod, drop-in-tilbod, det trur eg er in.

Bach vil opne kyrkjedøra – til gaming og yogatimar og strikkekveldar. Og det mest nærliggande:

– Kanskje eit bakekurs?

– Og så servere det på kyrkjekaffien! Då er vi på gang, seier ho begeistra.

Anita Yvonne Bach

Også kyrkjekaffi var noko ho ville få igjennom i soknerådet.

Tradisjonen om å møtast over bakst eller kjeks etter gudstenesta på Siggerud er i gang igjen. Bach skulle gjerne invitert fleire inn.

– Kanskje ein kan gjere ein ny vri for å få hypa det litt? seier ho.

Open kyrkjekaffi

Bakemeisteren har ein idé om korleis binde kyrkjekaffien og Siggerud-folka kan bindast saman.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det – men at det er ope på søndagar for alle, også for dei som ikkje har vore på gudstenesta klokka 11.

– At dei som tar seg ein søndagstur kan komme innom kyrkjestova her, kan få servering og sjå at kyrkjekaffi ikkje er så farleg. Og kanskje vil prøve gudstenesta neste gong.

– Du trur ikkje du kunne fått lokka inn med kakene dine, då?

– Kanskje vi skulle hatt ei opning med kakene frå Bakemesterskapet, seier ho entusiastisk.

Anita Yvonne Bach

– Forbiletleg

Etter at både folk og tilbod forsvann under pandemien, har DNK rulla ut eit verktøy, «Kirka vår». Der får lokalkyrkjer bistand til korleis dei kan jobbe strategisk.

Kven bur her, kva er våre utfordringar, korleis skal vi jobbe? Det er spørsmål dei oppfordrar frivillige og tilsette til å stille seg i lag.

– I engasjementet frå dei som har lyst til å gjere noko for lokalsamfunnet, skjer det mykje spennande, seier Kielland i Kyrkjerådet.

– Kva tenker du om slike lågterskel møteplassar som på Siggerud?

– Eg vil verkeleg rose Siggerud som har jobba på denne måten, sett eit behov og fått eit arbeid opp og stå.

Anita Yvonne Bach

– Det er forbiletleg. Vi ser jo at denne typen innovasjon skjer i norske kyrkjelydar, seier Kielland.

Rundt omkring i landet inviterer også mange kyrkjer til familiemiddagar. Nokre av dei har opplegg for barna.

– Eg trur erfaringa frå mange stader er at terskelen inn i kyrkja blir lågare. Derfrå vil ein kanskje vere med i trusopplæring eller sokneråd, når ein kjenner til kyrkja og folka, seier han.

---

Frivillige i Den norske kyrkja (DNK)

  • 77.399 personar var frivillige i DNK i 2023.
  • Talet har auka noko frå 2022.
  • Topp-året – med 98.000 – var i 2015.
  • Kvar femte frivillige har forsvunne i løpet av pandemien, melder DNK sjølv.

---