Religion

Eit relikvie verdt 350 millionar kroner var truleg om bord då det russiske krigsskipet gjekk ned

UKRAINA: Det viktigaste krigsskipet i Svartehavsflåten til Russland gjekk ikkje til botn berre med store mengder våpen. Om bord skal det også ha vore eit lite trestykke som skulle stamme frå krossen Jesus blei krossfesta på.

Denne saka blei publisert for fyrste gong 21. april 2022.

I påsken 2022 gjekk missilkryssaren «Moskva» ned i Svartehavet. Skipet var det største og viktigaste i den russiske svartehavsflåten.

Men det var ikkje berre ammunisjon og våpen som var om bord i flaggskipet. Den hadde også ei anna, dyrebar last, melder Kristeligt Dagblad: Ein tresplint som skulle stamme frå krossen til Jesus.

Medan Ukraina hevdar at det russiske marinefartøyet blei treft av rakettar fyrt av frå land, held det russiske forsvaret fast på at det var ein brann om bord som fekk ammunisjonen om bord til å eksplodere. Ifylgje Kreml sank skipet i uvêr under slep til kai.

Men i internasjonale medium har amerikanske tenestemenn sagt at skadane på «Moskva» stemmer overeins med eit missilangrep.

Relikvien skulle avvise missil og torpedoar

Trua på at bakhistoria til den heilage trebiten skal ha fått ein russisk rikmann til å betale 40 millionar dollar, eller om lag 350 millionar norske kroner, for relikvien. Tanken var at den skulle verne det viktige krigsskipet.

Kanskje har trua på det overnaturlege vernet vore for sterkt, for ekspertar seier skipet var sårbart for angrep. Det skal ha segla i føreseielege mønster, og mangla vernet det er vanleg for store flaggskip å få frå fregattar som seglar saman med dei.

Ei anna grunngjeving kan vera at russiske styrkar hadde så stor tru på forsvarsverket til det mektige krigsskipet, at dei ikkje var tilstrekkeleg varsame. Men til Sunday Times har den tidlegare russiske parlamentarikaren Aleksandr Nevzorov, som no er ein uttalt Putin-kritikar, sagt at dei russiske admiralane trudde relikvien om bord «var i stand til å avvise missil og torpedoar».

Montert inn i metallkross

Nevzorov fortel til den britiske avisa at tresplinten blei kjøpt av ein russisk-ortodoks forretningsmann frå ei ukjent, katolsk kyrkje i Europa. I 2020 skal så trebiten ha blitt overlevert til skipet «Moskva», der den skal ha blitt sett inn i ein stor metallkross i skipskapellet.

– Relikvien tilhøyrde før Den katolske kyrkja, men blei kjøpt av ein anonym kunstgjevar, som ynskte å donere den til Svartehavsflåten, sa den russisk-ortodokse erkebiskopen av Sevastopol, Sergij Khaljuta, i 2020 til det russiske nyheitsbyrået Tass.

Han sa også at relikvien ville bli levert til «Moskva» snarleg. Det er ikkje stadfesta at trebiten var om bord på skipet då det sank.

Avisa Jerusalem Post skriv at det ifylgje historia rundt relikviet, skal ha vore mora til den romerske keisaren Konstantin den store, Helena av Konstantinopel, som fann krossen Jesus blei krossfesta på. Trestykke frå denne blei så spreidd som heilage relikviar i kyrkjer og kloster.

Skipet Moskva blei også omtalt tidlegare i krigen då det bad ukrainske styrkar som forsvarte ei strategisk viktig øy, om å overgje seg. Dei fekk då til svar: «Til det russiske marinefartøyet: Dra til helvete».


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion