Religion

Franske kyrkjer blir vandalisert – minister lovar handling

FRANKRIKE: Etter fleire tilfelle av tjuveri og vandalisering av kyrkjer i Frankrike, har innanriksministeren lova å sette ein stoppar for religiøs vandalisme i landet.

  • 1. januar: Ei Jesus-statue blir riven ned frå ein nisje Saint-Porchaire-kyrkja i Poitiers.
  • 5. januar: Ein person tek seg inn i Saint-Denis-basilikaen i Paris med eit jernstong, og går laus på fleire gipsstatuar, knuser eit glasmåleri og stel fleire religiøse gjenstandar.
  • 6. januar: Nokon bryt seg inn i Saint-Germain-kyrkja i Vitry-sur-Seine, fleire dører blir øydelagde og eit forgylla nattverdsskar (ciborium) blir stole. Tjuvane tek med seg dei innvia hostia (nattverdsbrød).
  • 9. Januar: To kyrkjer blir brotne inn i løpet av éi natt. I Saint-Pierre de Bondy-kyrkja tok dei seg inn gjennom eit knust vinauge og vanheilaga tabernakelet, sakristiet øydelagt, og hostiane stolne. I Saint-Germain-l’Auxerrois-kyrkja vart åtte liturgiske gjenstandar og lydanlegget i kyrkja stole.

Fransk presse har rapportert om fleire tilfelle av innbrot og vandalisering av kyrkjer i løpet av dei siste vekene. No varslar den franske innanriksministeren Gérald Darmanin handling.

«Eg drog på morgonen i dag til Saint-Germain-l’Auxerrois-kyrkja i Romainville for å gje mi fulle støtte til katolikkar etter ei rekke juveri og hærverk som har ramma fleire stader dei siste dagane», skriv Darmain på Twitter.

Vil sette ned arbeidsgruppe

Han skriv vidare at religionsfridom er grunnleggjande og må beskyttast, og seier at det no blir sett ned ei arbeidsgruppe for å komme med fleire framlegg for å hindre antireligiøse handlingar. Det skal blant anna omfatte analysar av årsakene bak, og ulike beskyttelsestiltak, skriv ministeren.

At Darmanin reagerer no, kan også ha ein samanheng med at den konservative politikaren Valérie Boyer kritiserte regjeringa tre dagar tidlegare.

«I årevis har eg etterlyst ein kommisjon for å undersøkje skjendinga av tilbedingsstadar og kyrkjegardar. Kvar dag får vi vete at dei blir vanheilaga, vandalisert … i stille! Kor lenge skal vår andelege arv bli øydelagt utan reaksjon?» skriv ho på Twitter, og deler bilde av vandaliserte kyrkjer.

Valérie Boyer representerer partiet Les Républicains i det franske parlamentet. I april i år er det presidentval i Frankrike, og Les Républicains sin kandidat, Valérie Pécresse, har dei siste månadane klatra på målingane, og er no næraste konkurrent til Marine Le Pen frå Rassemblement national om å komme vidare frå første valrunde, og møte president Macron i runde to.

Omfattande problem

Det er ikkje klart kva som er årsaka til vandaliseringa av religiøse bygg i Frankrike, men ei oversikt over hærverk og vandalisering som den franske organisasjonen Observatoire du patrimoine religieux (Observatorium for religiøs arv) oppdaterer, viser at problemet er omfattande, og omfattar også hyppige forsøk på brannstifting. Lista omfattar også angrep på moskear og synagogar, men dei fleste tilfella organisasjonen har registrert gjeld kyrkjer.

Talet på det som bli omtala som antireligiøse handlingar er likevel på veg nedover i Frankrike syner statistikk. I perioden januar til oktober 2021 vart det registeret rundt 1380 slike tilfelle. I tilsvarande periode i 2019 var talet i overkant av 1700.

Også den franske utgåva av Vatican News omtalar vandalismen mot kyrkjene i landet. Angrep mot kyrkjer er dessverre ein tilbakevendande problem i Frankrike, men vanskeleg å lage noko samla statistikk over, skriv Vatican News.

FILE - In this April 15, 2019, file photo, flames and smoke rise from Notre Dame Cathedral as it burns in Paris. The cathedral stands crippled, locked in a dangerous web of twisted metal scaffolding one year after a cataclysmic fire gutted its interior, toppled its famous spire and horrified the world. (AP Photo/Thibault Camus, File)

Meir omtale etter Notre Dame

Dei siterer pater Gautier Mornas, som er prest i Périgueux og leiar for kommisjonen for heilag kunst (Commission d’Art sacré) i det franske biskopkonferansen:

«Talet på lovbrot er om lag dei same over fleire tiår. Men eg trur publikum er meir vare for desse spørsmåla no enn før, og at det gjer det lettare å fange opp ein episode som for tjue år sidan vil gått relativt umerkande forbi.»

Også brannen i Notre Dame i 2019 kan ha påverka kor opptekne folk er av dette, trur han.

«Symbolikken i flammane som står opp frå moderkyrkja i eit land gjer openbert at vi har eit litt skarpare blikk på alt som har med religiøs arv å gjere.»


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion