– Eg ivrar for dette, og håpar me lukkast, seier biskop i Hamar, Solveig Fiske om statueplanane.
Ho var ein del av arbeidsgruppa som starta opp initiativet med å få til ei statue av den fyrste kvinnelege biskopen i Noreg, Rosemarie Köhn. Sjølve ideen var det Arve Juritzen som kom opp med, og Fiske er no ute av gruppa.
Fiske seier noko av tanken med arbeidet er å vise fram ein viktig del av norsk historie og å lyfte fram Rosemarie Köhn sitt arbeid med å gjera Den norske kyrkja (DNK) til ei inkluderande folkekyrkje med rom for alle.
– Dette handlar ikkje berre om kyrkjehistorie, men om landet vårt si historie. At Rosemarie Köhn blei utnemnt til biskop som den fyrste kvinna i Noreg og Norden støtta opp under den radikale ordinasjonen av Ingrid Bjerkås, seier Fiske, som meiner det er litt ekstra viktig å lyfte opp og gjera synleg fleire kvinner i det offentlege rom.
[ Ingrid Bjerkås endra kyrkja på Senja. Men ikkje først og fremst fordi ho var kvinne ]
Vil ha statua klar til jubileum
Bjerkås blei som fyrste kvinne i Noreg ordinert til prest i 1961 av dåverande biskop i Hamar.
32 år seinare, i 1993, blei altså tysk-norske Rosemarie Köhn vigsla til teneste som biskop i Hamar domkyrkje på Kristi himmelfartsdag.
No er målet å få ho opp på sokkel til Kristi himmelfartsdag i 2023, 30 år etter.
Bispedømeråd i DNK har blitt oppmoda til å støtte oppføringa av statuen, og fleire har alt sagt ja.
[ Denne Jesus-statuen skal rage 43 meter over bakken ]
Fleire har løyvd 50.000 kroner
Sør- Hålogaland bispedøme vedtok denne veka at dei vil støtte initiativet med 50.000 kroner.
– Dei som har gått framom oss bør få skine litt, meiner bispedømerådsleiar Tanja Nyjordet.
Ho seier Rosemarie Köhn bana veg for mange, og er glad for å bidra til reisinga av statuen.
– Ho var ei føregangskvinne som ein treng å få opp og fram, meiner Nyjordet.
På møtet til Agder og Telemark bispedømeråd denne veka blei Per Gunnar Pedersen valt til ny leiar. På same møte blei dei einige om å løyve dei 50.000 kroner til statuen som dei blei oppmoda til.
– Det er ikkje mange statuar me ville vore villige til å støtte, men Köhn er ein kvinneleg biskop som har vore med på å bane veg for mange etter seg i Den norske kyrkja, seier Pedersen.
Han seier det var viktig for bispedømerådet at det var ei statue av ei kvinne det var snakk om, då det framleis er ei stor overvekt av menn som står på sokkel.
Rett bruk av pengar?
– Eg er takksam for bidraga til bispedømeråda, seier notidas biskop i Hamar.
Ho håpar også andre aktørar vil støtte saka.
– Mange slit med dårleg økonomi og me høyrer om kyrkjer må halde stengt på grunn av høge straumrekningar. Er dette rett bruk av kyrkja sine pengar?
– Eg forstår at ein er oppteken av å få pengane til å rekke i kyrkja. Men gåvene som kjem til dette er nok ikkje henta frå driftsbudsjettet til straum og oppvarming. Også må me hugse at det også er viktig som kyrkje og som samfunn å ta vare på historia, meiner Fiske.
Ho kan avsløre at ein alt har valt ein kunstnar til prosjektet, nemleg Merete Sejersted Bødtker. Ho skal alt ha utarbeidd ei skisse i leire i dialog med arbeidsgruppa.
[ Strides om misjonærstatue: – Burde kastes eller plasseres på museum ]
Ikledd kåpe redda unna nazistane
Gruppa hadde fleire ynskje om symbolikk og element som skal med. Biskopen skal gå opp ei trapp, og bera bispekåpa frå 1935 som ho blei vigsla i.
Det var litt ekstra viktig fortel Fiske, sidan den har ein spanande historie om å ha blitt redda unna nazist-styresmaktene under andre verdskrig av dåverande biskop på Hamar, Henrik Greve Hille.
– Det viktigaste er å markere vår fyrste, kvinnelege biskop, men det er også interessant å kunne vareta andre historiske perspektiv i same omgang, seier Fiske.
Ho meiner historia fort blir «gammal», og seier at den siste tidas kvinneprestdebatt har vist at folk nesten har gløymt korleis synet på kvinner som prestar var for berre få tiår sidan.
[ Avlyste julebord sender maten til fattighus og intensivsykepleiere ]
Fåmælt kunstnar og idémakar
Biskopen fortel at arbeidsgruppa har landa på å ynskje at statuen skal stå i nærleiken av Hamar domkyrkje, og legg vekt på at både sokneråd og fellesråd har vore involverte i prosessen.
Arve Juritzen som sit i Oslo bispedømeråd skal ha vore den som kom opp med ideen, og han sit i arbeidsgruppa som jobbar for å få statuen oppført. Men han har lite på hjartet.
– Me har ein plan om å fortelje meir på nyåret, så eg har ingen kommentar no.
Heller ikkje kunstnaren, Merete Sejersted Bødtker, ynskjer på noverande tidspunkt å uttale seg om saka.
[ Kristne og humanetikere får ikke informere om studenttilbud på høyskole ]