Reportasje fra Senja om Ingrid Bjerkås.
I spisestua i barndomsheimen blei Tove Karoline Knutsen og familien beæra med kaffibesøk av Ingrid Bjerkås. No er Tove Karoline engasjert i kyrkjepolitikken for å utvikle ei raus og folkeleg kyrkje, slik Noregs første kvinnelege prest ønskte seg.

Ingrid Bjerkås endra kyrkja på Senja. Men ikkje først og fremst fordi ho var kvinne

PIONÉR: Avstanden mellom bærumskvinna i tweed-drakt og det hardføre nordnorske kystsamfunnet forsvann på eit blunk. På dei fire åra Ingrid Bjerkås tente som prest, sette ho spor som framleis preger øya – og folka som fekk møte ho.

Publisert Sist oppdatert

Tove Karoline Knutsen sit i den konfronterande sola i den same hagen som barndommen ho fortel om spelte seg ut i.

Hagen spirer i ei veksling mellom villvekstar og beplantning, og omkransar det lysegule femtitalshuset i den vesle tettstaden Gryllefjord på Senja. Eit steinkast unna står trekyrkja som ein gong var stappfull då Noregs første kvinnelege prest skulle halde gudsteneste.

Så snart Tove Karoline kunne kunne lese, blei ho og bestevenninna oppslukte i barnebibelen ho hadde fått av bestemora. Teikningar og bilete vitna om eldgamle røynder. Forteljingane om Jesus fascinerte dei spesielt. Dei har Tove Karoline tatt med seg inn i livet, og i kyrkjepolitikken.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP