Ny minister får kritikk for likestillingskrav. Slik svarar ho
TRUSPOLITIKK: Den ferske regjeringa krev 40 prosent representasjon av kjønn i styrene i trus- og livssynssamfunn for at dei skal få statsstøtte. – Kan bli unntak, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
NY KURS: Fleire har uttrykt uro over strenge krav for statsstøtte til trus- og livssynssamfunn. Kjersti Toppe (Sp) seier alle innvendingar skal bli lytta til.
Giulia Troisi
I Hurdalsplattforma tar Ap-Sp-regjeringa nye grep om trus- og livssynspolitikken. Partia varslar at det kjem eit krav om kjønnsrepresentasjon på 40 prosent i styrer i forsamlingar som vil ha statsstøtte.
På spørsmål om kvifor, svarar den nye barne- og familieministeren til Vårt Land:
– Det seier eigentleg seg sjølv – vi vil sikre likestilling, seier Kjersti Toppe, som i statsrådposten òg har fått ansvar for tru og livssyn.
Bestill abonnement her
KJØP