Verdas rikaste terroristar

Islamittiske krigarar i Syria og Irak blir rike av å selje olje billeg. No prøver USA og arabarland å strupe oljeinntektene til IS.

Bak denne barrikaden kontrollerer IS-terroristane oljebrønnar som skaffar dei 20 millionar kroner i inntekter dagleg.
Publisert Sist oppdatert

Taliban, al-Qaida, Boko Haram, al-Shabab. Verda har ei rekkje terrorrørsler som er tufta på radikal islamisme – og som har pengar på bok; pengar dei brukar på å spreie dødelege bodskapar.

Men ingen av desse organisasjonane kan konkurrere med den såkalla Islamsk stat (IS) når det kjem til inntekter. IS har herredømme over eit stort område i Syria og Irak. Dei skal ha inntekter på nesten 20 millioner kroner dagen.

– Det er svært uvanleg at terrororganisasjonar har eigne inntekter slik IS har. Mest vanleg er ekstern støtte frå donorar, forklarar kommandørkaptein og Syria-ekspert Per Christian Gundersen ved Forsvarets høgskole.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS