Utset forbod mot søskenbarnekteskap
Solberg-regjeringa lova å vurdere forbod mot ekteskap mellom søskenbarn. No blir avgjerda skote ut i tid. Innfør forbod, seier barnelege, som møter sjuke barn av søskenbarnforeldre.
Eit ungt pakistansk par vandrar på stranda i Karachi. Tradisjonen med søskenbarnekteskap er utbreidd blant i pakistansk-norske familiar.
– Dette punktet i regjeringsplattforma er vi ikkje helt i mål med ennå, seier statssekretær Kai-Morten Terning (Frp) i Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).
Departementet vil vente på nytt forskingsprosjekt frå Folkehelseinstituttet (FHI).
– Innfør forbod mot søskenbarnekteskap. Berre slik kan vi få slutt på ei ordning som ikkje høyrer heime i 2017. Hugs, lenge var slike ekteskap forbode i Norge, og det var det gode grunnar til, seier barnelege Ingvild Heier ved Oslo universitetssjukehus.
Bestill abonnement her
KJØP