Tidlegare regjeringsråd: Hugsar ingen lobby-unntak i Finnes-avtale
LOBBY: Både NHO-topp Stein Lier-Hansen og Sindre Finnes hevder det var fleire unntak i lobby-forbod. Tidlegare regjeringsråd Nina Frisak seier ho ikkje erindrar nokon unntak.
SÅR TVIL: Sindre Finnes seier tidlegare SMK-topp Nina Frisak gav han unntak frå lobby-forbod i jobben i Norsk Industri. Ho har ingen erindring om nokon unntak i avtalen.
Fredrik Varfjell
Før Erna Solberg tok til som statsminister, møtte Statsministerens kontor Sindre Finnes til ein samtale. Regjeringsråd Nina Frisak var med på dette møtet.
Møtet tok opp forhold som kunne ha innverknad på påtroppande statsminster Erna Solbergs habilitet.
Etter møtet sendte SMK ut eit notat, der dei kjem med fleire tilrådingar både om Sindre Finnes sitt arbeidsforhold og aksjehandel. Det kjem fram at Sindre Finnes driv nettverksbygging mot fleire departement, og SMK kjem med ei klar tilråding: