Svidde av by - drap barn
17 døde i Frankrike fekk enorm merksemd verda over. Blodbadet i Nigeria blei berre registrert.
Byen Baga nordaust i Nigeria før og etter at Boko Haram raida han. Øvste satellittbilete viser byen med hus og vegetasjon 2. januar. Det andre biletet viser korleis Baga såg ut 7. januar etter Boko Harams herjingar; det meste er svidd av og øydelagt.
Micah Farfour/DigitalGlobe/NTB scanpix
– Fleire afrikanske statsleiarar har ingenting å tene på å vere bekymra for massakren i Nigeria. Landets eigen president, Goodluck Jonathan, er meir opptatt av drapa i Paris enn i Baga, seier Nupi-forskar og Nigeria-kjennar Morten Bøås til Vårt Land.
– Kvifor?
– Han skal vinne presidentvalet i februar.