Regjeringa blar opp 100 millionar til slaverikamp
Norge held seg med slavar i 2018. Regjeringa blar opp 100 millionar kroner til kampen mot moderne slaveri.
Utviklingsminister Nikolai Astrup sender nå 100 millionar kroner til Global Fund to End Modern Slavery.
Pontus Höök
I 1792 vedtok Danmark-Norge ein lov som forbaud handel med slavar; ei kongeleg forordning om «Opphevelse av negerhandelen». Men i røynda blei det berre ei privatisering av den lukrative slavehandelen mellom Afrika og Amerika, for loven ramma berre handelen til den dansk-norske staten.
226 år seinare erkjenner Solberg-regjeringa at kampen mot slaveriet langt frå er vunnen:
– Me vil bidra med 100 millionar kroner til å bekjempe slaveri, fortel utvikingsminister Nikolai Astrup (H).