– Muslimar skal ikkje særbehandlast
Innvandrarorganisasjon synes bønnenekt på teater er greit.
Når Riksteater-skodespelarane Marit Østbye, Biniam Yhidego, Sinde-Benedict Hendrichs og Veslemøy Mørkrid framfører Folkestyre 2014 i Kvinesdal kulturhus onsdag, får dei som har løyst billett ikkje lov til å gå ut for å be midt under framsyninga.
L-P Lorentzen
Når Riksteateret spelar stykket «Folkestyre» i Kvinesdal kulturhus i morgon, får ikkje publikum lov til å gå ut for å be midt under framsyninga.
– Bønnereguleringa er forståeleg, seier generalsekretær Sylo Taraku i LIM til Vårt Land. LIM – Likestilling, integrering, mangfald er ein organisasjon som arbeider for å få innvandrarar til å ta i det norske samfunnet.
LES OGSÅ: Muslimer nektes å be