Miljøprest går i protest
Tom Sverre Tomren blir KrF-politikar.
Sokneprest og høgskolelærer Tom Sverre Tomren (til høyre) melder seg ut av MDG etter uenighet i verdispørsmål. Her med daværende nasjonal talsperson Rasmus Hansson på MDGs landsmøte i 2014.
Erlend Berge
– Det er både naudsynt og riktig for meg å forlate MDG no, seier presten Tom Sverre Tomren til NRK Hordaland.
Soknepresten og høgskulelæreren sit på fylkestinget for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, og var listetopp ved stortingsvalet i 2017, men nådde ikkje opp.
Tomren har hatt og har leiarverv i kristne organisasjonar og innan miljørørsla. Han var blant anna initiativtakar, grunnleggjar og første leiar av «Kirkelig nettverk for miljø og rettferd». Tomren deltok under Kyoto-forhandlingane i 1997 og under Paris-forhandlingane i 2015, begge gonger som utsending frå Mellomkyrkjeleg råd i Den norske kyrkja.