Helsetopp i Senterpartiet vil gi abortnemnda nytt namn
NYTT NAMN: Senterpartiet kan avgjera framtida til abortlova. Kjersti Toppe vil ha med partiet på å døypa abortnemnda om til «abortsamråd». Håpet er å styrka oppslutninga rundt dagens abortgrense.
BYGGER BRU: Kjersti Toppe på landsmøte for Sp i 2019. Ho foreslår nytt namn på abortnemnda. Abort blir tema på Sp-landsmøtet i juni. Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (t.h.) har enno ikkje flagga syn i saka.
Terje Pedersen
– Folk likar ikkje ordet nemnd. Det er eit gamaldags og autoritært ord som manar fram eit bilde av høge, mørke menn som skal vera moralens beskyttar. Derfor er det klokt å endra namnet. I Danmark blir nemnda heller kalla «abortsamråd». Det tenker eg reflekterer dagens abortlov på ein klar måte.
Det seier Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, til Vårt Land.
I starten av juni held Senterpartiet landsmøte, der det er venta abortdebatt. Eit mindretal i partiet vil skrota abortnemndene fram til veke 18.
Bestill abonnement her
KJØP