Helseministeren: – No må kommunane jobbe særleg med å ta vare på dei mest utsette

DEI MEST SÅRBARE: Om lag 10.000 har fått ei fjerde vaksinedose fordi dei har nedsett immunforsvar og har underliggjande sjukdom. – Det er viktig at vi ikkje gløymer dei, seier Ingvild Kjerkol.

Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen tirsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
KORONA: Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på pressekonferansen om koronasituasjonen tysdag kveld.
Publisert Sist oppdatert

– I dag er vi endeleg komme til den dagen vi kan fjerne av dei smittetiltaka vi har levd med i vinter, opna statsminister Jonas Gahr Støre tysdagens pressekonferanse om koronasituasjonen med å seie.

– Vi veit no at omikron gjev mindre alvorleg sjukdom. Vi veit no at vaksinar gjev svært mange i Noreg godt vern, og derfor kan vi i dag langt på veg opne opp, sjølv om smitten veks raskt, heldt han fram.

Ifølgje FHI kan så mange som 3–4 millionar få korona i løpet av våren, og for dei aller fleste vil det gje relativt mild sjukdom. Men ikkje for alle. Vårt Land snakka med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol om korleis dei nye lettingane av smitteverntiltaka vil påverke dei mest sårbare.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS