Går til retten for å få einerett på bibeltekstar

Eide Forlag er på krigsstien for å sikre seg rettane til dei heilage tekstane. Prestane fortvilar.

Ny bibel og salmebok har skapt full strid mellom to av aktørane som leverer tenester til Den norske kirke.
Publisert Sist oppdatert

Prestar i Den norske kyrkja fortvilar over bibelstriden og har dessutan fått datatrøbbel på grunn av tvisten mellom Eide forlag og dataprogram-produsenten Agrando. Partane har krangla over rettane om Bibelen 2011 og Salmeboka 2013 i lang tid (sjå faktaboks). No tek striden ei dramatisk vending sidan Eide forlag varslar at dei vil «søke en rettslig avklaring overfor Agrando».

Inntil vidare må prestane slite med datatrøbbel når dei skal lage ark til utdeling i gudstenesta eller powerpoint til allsong av salmar.

– Eide forlag har blokkert tilgangen til salmeboka dersom vi er inne i gudstenesteprogrammet til Agrando. Vi er nøgde med dette planleggingsverktyet som vi har nytta i mange år. Og vi betalar for tilgang til ei dyr digital salmebok frå Eide. Då ser vi ikkje logikken i at desse ikkje skal fungere i saman, seier Per Gunvald Haaland, assisterande kyrkjeverje på Karmøy.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS