Får ramsalt kritikk

I over 20 år har prost Trond Bakkevig vore tilretteleggar for eit dialogprosjekt mellom israelske og palestinske religiøse leiarar. Prosjektet blir fillerista i fersk evaluering.

I over 20 har Trond Bakkevig kombinert jobbar i Den norske kyrkja med å pendle til Israel og Palestina for å drive dialogprosjektet til Mellomkyrkjeleg råd. Her er han ved Damaskusporten i Jerusalem.
Publisert Sist oppdatert

22 år og 24 millionar kroner. Så lenge har prosjektet vart, så mykje har det kosta Utanriksdepartementet.

I 1995 initierte Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) – «utanrikstenesta» til Den norske kyrkja – eit dialogarbeid i Midtausten. MKR ba sokneprest Trond Bakkevig om å organisere samtalar mellom jødar, kristne og muslimske leiarar. Bakgrunnen var at MKR arrangerte ein konferanse om Oslo-avtalen og religion etter fredspristildelinga til trioen Yasser Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin i 1994.

I 2005 blei dialogarbeidet formalisert i Council of Religious Institutions of the Holy Land (CRIHL) – eller Rådet av religiøse institusjonar i Det heilage landet, der desse er med: Sjefsrabbinatet i Israel, leiarar for kristne kyrkjer og det palestinske ministeriet for religiøse spørsmål. I periodar møter sjefsdommaren i shariadomstolen som ministeriets representant.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS