Europas opne sår
Massakren i Srebrenica heimsøkjer tre land. I Bosnia-Hercegovina er ikkje alle dei døde funne. I Serbia er ikkje alle dei skuldige dømde. I Nederland er ikkje alt ansvar erkjent.
Ei eldre bosnisk kvinne ber på gravlunden i Srebrenica, som blei opna i 2003. Kvart år blir nye identifiserte massakreoffer gravlagt her.
Politifløytinga er intens. Biltrafikken er tett. Parkeringsplassen er overfylt. Frå heile landet strøymer det på med menneske som vil inn porten til den enorme minnelunden. Kvinner og menn som saknar ein mann, ein far, ein bror, ein son, ein onkel, ein bestefar.
Srebrenica. Namnet ber bod om brutal død. 8.372 bosniske gutar og menn blei slakta ned av serbiske soldatar, milits og politi mellom 11. og 19. juli 1995.
– Vi kjenner talet på døde. Men framleis er ikkje alle funne. Vi leitar etter dei siste massegravene, fortel Elmedin Delibasic.
Bestill abonnement her
KJØP