«Dramatisk» og «ekstremt alvorleg», slik vert Trumps bistandskutt skildra av folk i bistandsbransjen

BISTAND: For hjelpeorganisasjonar i inn- og utland svir bistandskutta til Trump alvorleg. Kirkens Nødhjelp, Digni og Stefanusalliansen har alle partnarar i utlandet som er hardt ramma av bistandsfrys.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
BEKYMRA: Utviklingsminister Åsmund Grøver Aukrust (Ap) er bekymra for bistandskutta til USA.
Publisert Sist oppdatert

Ein av dei første tinga Donald Trump gjorde som president var å stanse nesten all amerikansk bistand i 90 dagar. Dette inneber mellom anna store kutt i midla til det amerikanske bistandsdirektoratet (USAID). Lenge har USA finansiert rundt 40 prosent av internasjonal bistand, og kutta får derfor store konsekvensar for hjelpeorganisasjonar i heile verda – også i Norge.

Nyheita om at Norsk Folkehjelp seier opp 1.700 tilsette som følgje av amerikansk bistandsfrys kom 11. februar. I fjor fekk organisasjonen nesten 470 millionar kroner frå USA til arbeidet deira med rydding av miner og udetonert ammunisjon i tolv land – mellom anna Afghanistan, Ukraina og Jemen.

– Å fryse støtta til mine- og eksplosivrydding bremsar ikkje berre noverande aktivitetar. Det vil forsinke og kan i verste fall reversere dei enorme stega verda – med USA i spissen – har tatt mot å overvinne desse bestialske våpena, seier generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Raymond Johansen til NTB tysdag.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS