Avviser AUFs abortforslag
AUF sitt komande abortvedtak får skarp kritikk frå Høgre og KrF. – Det er heilt uaktuelt, seier Stefan Heggelund (H).
Stefan Heggelund (H) trur ikkje Mani Hussaini og AUF har tenkt gjennom dei etiske dilemmaa med å utvide grensa for sjølvbestemt abort til 18 veker.
JOAKIM S. ENGER
– Dette er ein debatt med store dilemma, som det verkar som at Hussaini ikkje har ofra ein tanke, seier stortingsrepresentant Stefan Heggelund (H).
Det at ein kan redde eit foster tidlegare og tidlegare, bør gjere at ein tenkjer seg om, meiner han.
– Hussaini bruker som argument at 90 prosent får ja av nemndene. Då lagar han eit problem av noko som med hans utgangspunkt ikkje er eit problem. Nemndene finst for å ivareta balansen mellom både kvinna og livet i magen sin rettstryggleik, seier Heggelund.