To grupper gjer særleg bruk av kontantstøtte: Innvandrarkvinner og «bibelbelte»-kvinner
STATLEG STØTTE: To grupper omfamnar kontantstøtta: Innvandrarkvinner og kvinner frå «bibelbeltet», Vest-Agder og Rogaland. Snart er KrF og Sp åleine om å forsvare tilbodet.
ENRINGAR I VENTE: I statsminister Erna Solbergs parti Høgre går fleirtalet i programkomiteen inn for å gjere kontantstøtta om til ventestøtte. KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad måtte på landsmøtet godta at fleirtalet vedtok å reformere kontantstøtta partiet fekk innført i 1998.
Torstein Bøe
Med KrF i regjering i 1997 blei partiets gamle draum røyndom: Foreldre skulle få pengar frå staten for å vere heime med barn – og ikkje gjere bruk av barnehage.
Tilbodet blei rulla ut i 1998 – og toppåret kom i 1999. Då fekk vel 86.200 barn kontantstøtte. Sidan har talet på mottakarar gått nedover. Ordninga er stramma inn, år for år, av Stortinget. Færre barn har rett på kontantstøtte. Ved årsskiftet fekk nesten 11.000 statleg støtte.
I dag får barn mellom eitt og to år inntil 7.500 skattefrie kroner i månaden om dei ikkje er i barnehagen.
Bestill abonnement her
KJØP