Nyheter

Ropstad med tydeleg melding: Sundagshandel er ikkje naudsynt, trass korona-krisa

Forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) instruerer landets fylkesmenn: Ikkje naudsynt å opne for meir sundagshandel no.

– Eg har i dag sendt brev til fylkesmennene og gjeve beskjed om at det ikkje skal innvilgast dispensasjonar frå heilagdagsfredloven. Tilhøva er ikkje slik at det er naudsynt å halde oppe daglegvarebutikkane på sundagar, seier Ropstad til Vårt Land.

Ropstad har som forbrukarminister ansvaret for heilagdagsfredloven.

Bakgrunnen for brevet er at Fylkesmannen i Rogaland tysdag gav Rema dispensasjon til å halde sundagsope i alle butikkar i Rogaland.

Spreie handelen

Rema søkte dispensasjon etter at Helsedirektoratet gjekk ut og ba om sundagsopne daglegvarebutikkar for å spreie handelen.

– Dette trengs ikkje slik tilhøva er no, seier barne- og familieminister Ropstad.

– Det er ikkje hamstring i butikkane og forsyningane med nye varer er god.

Han seier til Vårt Land at dagens ordning med sundagsopne Brustadbuer dekkjer behovet nordmenn har for å handle på sundagar.

– Skal det innvilgast dispensasjonar, må det vere til einskilde butikkar, og ikkje til alle ei kjede har i eit fylke, understrekar Ropstad.

Direktorat ba om handel

Det var i brevs form at Helsedirektoratet gjekk ut og oppmoda til sundagsopne daglegvarebutikkar: «Ut fra smittevernhensyn vil likevel Helsedirektoratet anbefale at søndagsåpne butikker holder åpent.»

Dermed søkte Rema-konsernet om å få halde ope alle butikkane i Rogaland. Kjeda skriv i søknaden at søndagsopne daglegvarebutikkar vil vere i tråd råda frå styresmaktene: «Færre forbrukere samtidig i butikklokalet vil gi mindre nærkontakt mellom mennesker og dermed lavere smittefare og færre smittede og syke. I tillegg vil det å gi forbrukerne en ekstra handledag øke kapasiteten til å forsyne dem tilstrekkelig i en periode med sterkt økt etterspørsel.»

Fleire kunne få dispensasjon

Rema pekar på at dagens sundagsopne butikkar er dei små Brustadbuene der kundane står tett i tett, noko som aukar smittefaren. Rema meiner at med «den ekstraordinære etterspørselen man nå opplever, vil dette bare forsterke seg».

Fylkesmannen i Rogaland valde å lytte til Rema, og innvilga tysdag dispensasjonssøknaden. Samstundes varsla Lone M. Solheim at dei fortløpande vil vurdere søknader frå andre daglegvarekjeder som ønskjer å halde butikkar sundagsopne.

No har KrF-statsråd Kjell Ingolf Ropstad sett ned foten for slike vedtak.

Frp ber Ropstad revurdere

Frps forbrukarpolitiske talskvinne, Silje Hjemdal, meiner avgjerda er skuffande. Ho ber Ropstad revurdere avgjerda om å stoppe ordinære, sundagsopne butikkar:

- Dette er ikkje tida for å ha ideologiske skylappar på. Desse tiltaka handlar om tryggleiken til kundane.

Hjemdal meiner at særleg i pressområde vil det vere behov for sundagsopne butikkar, for dagens Brustadbuer er for små, og mange som arbeider i samfunnsutsette bransjar må få høve til å handle trygt på sundagar.

Ved å spreie handelen til sju dagar vil ein evne å gje både kundar og tilsette trygge butikkar, meiner Hjemdal.

• LES MER:

---

Søndagsstengt

  • Det er loven om heilagdagar og heilagdagsfred, vedtatt 24. februar 1995, som i dag regulerer opningstidene i butikkar på sundagar og heilagdagar
  • Loven seier at butikkar skal halde stengt på sundagar og heilagdagar, og etter klokka 16 på jul-, påske- og pinseaftan. Men loven har unntak, og Fylkesmannen er gjeve mynde til å innvilge dispensasjonar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter