Nyheter

Sjåarstorm etter at Fødselskyrkja blei plassert i feil land

Rett svar er «Israel» sa TV-kanalen NBC då deltakarane i Jeopardy blei spurt kvar Fødselskyrkja ligg.

Konkurransen i Jeopardy er enkel:

Deltakarane får servert svara og må sjølve formulere spørsmåla.

Fredag blei det huskestove då den amerikanske TV-kanalen NBC baud på ein ny runde av den populære kunnskapskonkurransen, melder CNN.

«Kvar ligg kyrkja», spurde programleiaren og gav ein leietråd: «Fødselskyrkja er bygd i 300-åra etter Kristus.»

Deltakaren som evna å svare først leverte svaret «Kva er Palestina?» - og fekk ikkje poeng.

Konkurrenten som rett etter svarte «Kva er Israel?» fekk poeng for rett svar.

Snudde om på poenggjevinga

Og med det melde den israelsk-palestinske konflikten seg med full tyngde. På sosiale medier hagla det med skuldingar mot NBC for å vere kunnskapslause – og for å prøve å gjere den okkuperte Vestbreidda, der byen som husar Fødselskyrkja ligg, til ein del av Israel.

Protestane førte fram. I ein reklamepause endra NBC poenggjevinga, melder Times of Israel. Ho som svarte Palestina fekk poenget og han som svarte Israel mista det.

Likevel er ikkje palestinske aktivistar nøgde, skriv CNN. Dei krev at NBC ber om orsaking for å plassert Fødselskyrkja i Israel og ikkje i Palestina.

Byen ligg i Palestina

I kring 1700 år har Fødselskyrkja i Betlehem markert staden for Jesu fødsel. Kyrkja er éin av kristendommens heilagaste stader og éi av verdas eldste kyrkjer som er i dagleg bruk.

Betlehem ligg på Vestbreidda som fram til 1967 var ein del av Jordan, men etter at Israel okkuperte territoriet under seksdagarskrigen i 1967, har det vore underlagt israelsk kontroll.

Men som eit resultat av Oslo-avtalen frå 1993, er Betlehem under fullstendig palestinsk kontroll. Byen ligg om lag 10 kilometer sør for Jerusalem, og er administrert som eit såkalla «A-område», altså ein del av Palestina.

LES MEIR:

Israel nekter kristne i Gaza å besøke Betlehem i jula

---

Fakta:

  • nbc, jeopardy, israel, palestina, konflikt, usa, tv-konkurranse

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter