Mottaksdrivar: Ureturnerbare går til grunne
Nesten 1.400 personar sit på asylmottak med endeleg avslag og pliktar å reise frå Norge. Men dei er ureturnerbare. Særmerkt firma gjev nokre jobb.
Arve Danielsen er styreleiar i Stiftelsen Sana som driv tre asylmottak i Norge. I Lillesand i Aust-Agder driv Sana eit desentralisert mottak, noko som betyr at asylsøkjarane bur i leigde bustadar rundt om i sørlandsbyen.
– Fleire har budd på mottak i mange år, men er fanga i systemet. Ikkje får dei opphald, ikkje kan dei reise frå Norge. På mottaka gjer dei ingenting. Dei går stille til grunne, fortel Arve Danielsen.
Han er styreleiar i Stiftelsen Sana, som sidan 2001 har drive asylmottak på kontrakt med Utlendingsdirektoratet (UDI). I dag er Sana driftsoperatør for mottak i Lillesand, Lund og Larvik med totalt 445 plassar.
– Vi veit ikkje kor mange ureturnerbare som sit på kvart mottak, for det er berre UDI som kjenner asylsaka til kvar einskild, opplyser driftssjef Kristoffer Stensheim i Sana.
Bestill abonnement her
KJØP