Nyheter

Europas opne sår

Massakren i Srebrenica heimsøkjer tre land. I Bosnia-Hercegovina er ikkje alle dei døde funne. I Serbia er ikkje alle dei skuldige dømde. I Nederland er ikkje alt ansvar erkjent.

Politifløytinga er intens. Biltrafikken er tett. Parkeringsplassen er overfylt. Frå heile landet strøymer det på med menneske som vil inn porten til den enorme minnelunden. Kvinner og menn som saknar ein mann, ein far, ein bror, ein son, ein onkel, ein bestefar.

Srebrenica. Namnet ber bod om brutal død. 8.372 bosniske gutar og menn blei slakta ned av serbiske soldatar, milits og politi mellom 11. og 19. juli 1995.

– Vi kjenner talet på døde. Men framleis er ikkje alle funne. Vi leitar etter dei siste massegravene, fortel Elmedin Delibasic.

Vi er heilt aust i Bosnia-Herce­govina, på grensa til Serbia, i landsbyen som blei sjølve symbolet på den etniske reinsinga som fann stad under krigen 1992-1995. I 2003 blei dei første identifiserte ofra gravlagt på den enorme minnelunden, som også er eit nasjonalt minnesmerke.

Pressa vekk

Saman med kona Nirmela Caluk og eit venepar har Elmedin Delibasic reist til Srebrenica for å vere saman med landsmenn på dagen då bosniarar strøymer til Srebrenica; dagen etter eid. Han er nasjonal fridag for bosniske muslimar. Sjølv har dei fire unge ingen pårørande på minnelunden. Dei var barn då krigen slutta i 1995.

– Men det er viktig å vere her, for sterke krefter vil ha oss, muslimane, ut av Republika Srpska, seier Elmedin Delibasic.

Krigen delte Bosnia-Herce­govina i to, ein bosnisk-kroatisk del og ein serbisk. Saman utgjer dei éin nasjon. I røynda er landet splitta i tre; ein kroatisk, ein bosnisk – og ein serbisk.

8.372 bosniske gutar og menn blei slakta ned av serbiske ­soldatar, milits og politi mellom 11. og 19. juli 1995. Foto: Bjørgulv K. Bjåen

Serbisk land

Alt varslar at vi kjører inn i eit anna land få kilometer etter at vi har rulla ut av hovudstaden Sarajevo. Skilta har kyrilliske bokstavar. Flagga er det raude, kvite og blå serbiske. Folk snakkar serbisk.

Srebrenica ligg i Republika Srpska.

– Der borte, seier Elmedin ­Delibasic, og nikkar nordover i retning småbyen Bratunac.

– Der bur det flest serbarar, muslimane flyttar vekk, eller rettare sagt, blir pressa vekk. Der kan du høyre folk fortelje at det var ingen massakre her i 1995. Det er berre vi, muslimane, som har henta beinrestar hit, frå heile Bosnia, for å lage ein minnelund som skal plage serbarane.

– Så du forstår kvifor vi må reise hit, seier Elmedin ­Delibasic.

Er ansvarleg

To andre land blir også heimsøkt av massakren som fann stad for 22 år sidan. I både Nederland og Serbia står striden i rettssalen.

I Nederland nektar regjeringa å godta dommen frå ankedomstolen som i juni slo fast at ­nasjonen er delvis skuldig for over 300 av dødsfalla under Srebrenica-massakren. Konklusjonen er delvis i tråd med ein orskurd frå ein lågare domstol i 2014. Han slo fast at Nederland har eit erstatningsansvar overfor dei etterletne til drygt 300 bosniske menn som hadde søkt vern inn i leiren til den nederlandske FN-styrken i Srebrenica i juli 1995.

Nederlendarane etterkom ­serbiske krav og utleverte dei bosniske mennene til serbiske styrker som så drap dei.

13. Juli 1995; nederlandske FN-soldatar vaktar på store grupper bosniarar som var samla i Srebrenica sommaren for 22 år sidan. Til sist måtte nederlendarane overgje flyktningane til serbiske styrkar, som førte vekk mennene og drap dei. Foto: AP/NTB scanpix

Regjeringa ankar

Ankedomstolen i Haag meiner dei nederlandske soldatane må ha visst at det var en reell risiko for at bosniarane kunne bli drepne eller utsette for umenneskeleg behandling.

Men bosniarane ville berre hatt 30 prosents sjanse for å overleve dersom dei hadde fått bli i FN-leiren, ifølge domstolen. Nederland er difor berre ansvarlig for 30 prosent av tapa til dei etterletne.

– Ubegripeleg, lyder konklusjonen frå talsmannen i forsvarsdepartementet i Haag, ­Klaas Meijer. Han opplyser at regjeringa no ankar dommen til ­høgsterett for å få han omgjort.

Samstundes må dagens styresmakter bu seg på å møte i retten i ei sak der 12 tidlegare FN-soldatar, som var i Srebrenica, har saksøkt den nederlandske stat. Soldatane meiner dei blei sendt ut på eit umogeleg oppdrag.

Tiltale heva

I Serbias hovudstad Beograd har den historiske rettssaka mot åtte politimenn fått ein bråstopp.

Rettssaka opna i februar. Åtte tidlegare bosnisk-serbiske politimenn var tiltalt for deltaking under Srebrenica-massakren. Dei var tiltalt for drap og medansvar for drap på hundrevis av muslimske menn i ein ­lagerbygning i byen Kravica, dit bosniarar blei bussa frå Srebrenica i 1995.

Forsvararane til politimennene fann eit smetthol i det serbiske loververket, og kravet deira valde domstolen å kome i møte:

Tiltalen blei heva.

Statsadvokaten som tok ut tiltalen mot dei åtte politimennene i januar 2016 var allereie pensjonist, og hans erstattar var ikkje utnemnd. Difor var ikkje tiltalen gyldig har domstolen no avgjort.

Serbias nye statsadvokat med ansvar for krigsbrotsverk blei ­utnemnd i mai. Ho arbeider med å ta ut ny tiltale mot dei åtte, slik at rettssaka på nytt kan kome opp for spesialdomstolen i Beograd.

Samle kunnskap

I Srebrenica finn pårørande gravene dei har kome for å stelle. Nokre kjem med vaskebøtte og klut. Gravsteinane blir vaska. Mange sit samla med storfamilien rundt seg, andre sit åleine, les frå Koranen, ber - og gret.

To dagar i året er det fullt på minnelunden. Dagen etter eid, og den 11. juli. Då blir nye kister med identifiserte gutar og menn lagt i jorda, og ein kvit granittstein blir reist. No ligg det 6.504 offer her.

– For oss er dette ein pilegrimstur. Vi må hit for å kunne lære våre barn om Srebrenica.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter