Verdidebatt

Sidan Adam skulda på Eva, har teologi som nedvurderer kvinner vore del av tradisjonen

DEN NORSKE KYRKJA: Når unge prestar hevdar å vere forespegla patriarkalske ultimatum som unngår kollegial samhandling med kvinnelege prestar, gjev det grunn til å spør om kva som sviktar undervegs.

Bileta av Sally Azar som den fyrste ordinerte kvinne i det heilage landet strålar ilag med gleda over at kyrkja snart får sin fyrste kvinne som biskop i Bjørgvin. Som sunnmørsprest nær fjøresteinane der Sunniva i si tid stranda med evangeliet, er gleda blanda med uro. For diskriminerande haldningar og kulturar lever sjølv med kvinner i leiarposisjon, og i kjølvatnet av kvinners inntog i posisjonar teiknast ofte vrengebildet av at menn pressast ut.

Kva har utdanningsinstitusjonen formidla?

Ingen vert prest i eit vakum. Notidas utdanning skaper kompetente og kvalifiserte prestar. Som tidlegare timelærar og no praksisvegleiar, er gleda stor over flotte menneske som lærer å fortolke sitt indre kall til å forkynne evangeliet med kyrkjas ytre kall med liturgiar, ordningar og pastoraletisk ansvar for sårbare menneske. Prosessen er kvalitetssikra gjennom teologisk utdanning, godkjent praksis og samtalar med biskop. Men årlege saker der unge prestar hevdar å vere forespegla patriarkalske ultimatum som unngår kollegial samhandling med kvinnelege prestar som mogleg praksis i kyrkja vår, gjev grunn til å etterspør kva som sviktar undervegs? Kva har utdanningsinstitusjonen formidla, praksisvegleiar presentert som tenestekvardag og biskopen etterspurt i sitt tilsyn?

Det er også grunn til undring kring korleis kolleger i meiningsringar forvaltar sitt moralske ansvar, når dei rettleiar unge prestar inn i hjørner det verkar umogleg å kome seg ut av.

.

Difor forsvinn kvinner ut av presteyrket

Som sjelesørgar lærer prestar å lytte etter det som ikkje får ord. Få tek ordet for unge kvinner som frimodig tek livskall til forkynning av evangeliet. Mange blomstrar i godt jordsmonn, men mange visnar av ei smerte som sjeldan får ord. Framleis møtes dei av kolleger som utrykker at dei ikkje likar at ho kom. Folk ringer og må fortelle kva dei eigentleg meiner om kvinneprestar. Prosten «gir høve» til å tre til side når pårørande heller ønsker ein mann som gravferdsprest. Tause kolleger skaper usikkerheit, særleg når dei likar aggressive innlegg på debattsider. Stadige kommentarar på utsjånad og devaluerande kallenamn som aldri hadde vore akseptert på andre arbeidsplassar.

I kjølvatnet av kvinners inntog i posisjonar teiknast ofte vrengebildet av at menn pressast ut

Når det vert for mykje lagar dei sjeldan mediaoppslag, dei har ingen sterk ring rundt seg, men vert tause og forsvinn ein annan stad eller ut av presteyrket. Få vil lage bråk eller sår for kyrkjelyden dei er glade i. Frimod slipast bort av uakseptabel framferd, og mangel på støttande leiarskap etterlet den umiskjennelege smerta av at når noko er feil, er det sikkert eg som er feil.

Ein teologisk tradisjon

Sidan Adam skulda på Eva for sjølv å ha ete av treet, har freistinga for giftig teologi som nedvurderer kvinner vore del av tradisjonen. Dagens kyrkje ønskar likeverd. Men resiliensen mot undertrykkande teologi treng det maktkritiske blikket og vedvarande grensesetting ved vaken leiing og tilsyn også i vår tid.

Det er grunn til undring kring korleis kolleger i meiningsringar forvaltar sitt moralske ansvar, når dei rettleiar unge prestar inn hjørner det verkar umogleg å kome seg ut av

Vi kan ikkje slutte å etterspør kvinner som stille forsvinn utan mediadekning, eller kvifor kvinner bær skuld når kollegial diskriminering vert grensesett. Kvinnefiendtlige haldningar sjåast i valdsstatistikkar, lønsslippar, arbeidsmiljøundersøkingar, kommentarfelt og manglande religiøst likeverd. Mikroaggressjon er uttale eller handling som indirekte, vagt eller utilsikta oppfattast som nedvurdering av person eller gruppe. Uansett kven dette rammar, rammar smerta heile fellesskapen. Usynleggjering av kvinner er sår som tek tid å helast.

Kyrkja treng trygt leiarskap som set grenser og vedvarande dannar prestar og kyrkjelege tilsette til mangfald, medkjensle og vedvarande forandring. Det er vårt felles ansvar å skape trygge felleskap som opnar for at sår kan helast gjennom å stadig grensesette diskriminering, anerkjenne og romme ulikskap, velsigne kvarandre si teneste og samstundes halde rammer for anstendige og likeverdige kollegafellesskap.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt