Religion

Ho er den fyrste kvinnelege presten i Palestina

JERUSALEM: Kari Veiteberg var ein av tolv biskopar som ba for og la handa på Sally Azar då ho blei ordinert til den fyrste kvinnelege presten i Palestina.

Speidarkorps med sekkepiper og messingblåsarar og ein prosesjon med prestar og biskopar frå verda. Dette sette stemninga for ordinasjonen av den fyrste, kvinnelege presten i kyrkjesamfunnet Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land.

– Me fekk verkeleg kjenne på at dette var ein festdag for våre palestinske trussysken.

Det seier Oslo-biskop Kari Veiteberg om ordinasjonen av palestinske Sally Azar.

Veiteberg og leiar av Mellomkyrkjeleg råd, Berit Hagen Agøy, var dei offisielle representantane frå Den norske kyrkja (DNK) til den historiske ordinasjonen som fann stad i Jerusalem sundag 22. januar.

DNK er systerkyrkja til Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land.

Sally Azar blei ordinert til den fyrste kvinnelege presten i Palestina. I kyrkjesamfunnet Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land

Folkefest

Veiteberg kallar det heile ein folkefest og fortel om gater fulle av folk. Det er særskilt éit inntrykk ho sit att med.

– I mange regionar og kyrkjesamfunn kan ein tenkje at det ikkje er mogleg med kvinner i leiarroller. Men me var vitne til at det er mogleg.

Veiteberg og Agøy var langt frå dei einaste nordmennene som hadde tatt turen.

Mellom anna var Roger Edmund Cassidy frå Kvekarsamfunnet der, Ingull Grefslie og Knut Refsdal frå Metodistkyrkja i Noreg, Claes Tande frå Den katolske kyrkja, Beate Iren Lerdal i Norsk kvinneleg teologforening og Erhard Hermansen frå Noregs kristne råd.

Sistnemnde seier det var ei flott ordinasjonsgudsteneste.

– Eg er så takksam for å vera med på denne historiske ordinasjonen, skriv Hermansen i ein e-post til Vårt Land.

---

Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land

  • Luthersk kyrkjesamfunn i Jordan, på Vestbreidda og i Jerusalem.
  • 2500 medlemmar.
  • Har utstrekt diakonal verksemd blant palestinarar.
  • Er systerkyrkje med Den norske kyrkja.

---

Kari Veiteberg, Erhard Hermansen, Sally Ibrahim Azar, Berit Hagen Agøy.

– Patriarkalsk samfunn

I tillegg var der store delegasjonar mellom anna frå USA, Canada og Tyskland.

Dette meiner Veiteberg er på sin plass.

– Det er viktig for den verdsvide kyrkja å støtte den fyrste kvinnelege presten i dette patriarkalske samfunnet. Det at markante kyrkjeleiarar prioriterer å vise solidaritet med det palestinske folket ser me at betyr mykje for det vesle kyrkjesamfunnet her.

Ifølgje deira eiga nettside har Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land seks kyrkjelydar og Det lutherske verdsforbundet opplyser at dei har 2500 medlemmar.

Me trong dette no. Det er eit håpsteikn både for dei og oss

—  Biskop Kari Veiteberg

Også tilsynsprest Knut Refsdal i Metodistkyrkja i Noreg seier det var fint å sjå at det kom representantar frå kyrkjer frå heile verda. Han seier metodistkyrkja ville vera til stades for å vise si støtte.

– Me vil vise solidaritet med kristne i dei palestinske områda. Mange, både kristne og andre, kjenner seg nøydde til å reise frå Palestina, og me vil gjerne vise støtte når ein prest har lyst til å bli.

Refsdal seier det har gjort inntrykk å sjå den vanskelege politiske situasjonen og tøffe levekåra mange lever i i området.

Ordinasjon Sally Azar, Jerusalem. Fyrste kvinnelege prest

Rørande gest av faren

Veiteberg var ein av tolv biskopar som fekk leggje handa på Azar og be for henne under ordinasjonen. Ho las også ein av tekstane under gudstenesta. Det gjorde inntrykk.

– Det var sterkt å få lov å bidra til ei stor, kyrkjehistorisk hending.

Det var faren til Sally Azar, biskop Sani Azar, som ordinerte henne.

– Ho blei veldig rørt då ho talte til dei frammøtte, og på eit tidspunkt kom faren fram med ein handduk slik at ho kunne tørke tårene. Det var veldig rørande å sjå, seier Veiteberg.

Sally Azar blei ordinert til den fyrste kvinnelege presten i Palestina. I kyrkjesamfunnet Den evangelisk-lutherske kyrkje i Jordan og Det heilage land

Då Azar gjekk bak altaret og innvia nattverden, var det ei spesiell stemning i rommet, fortel Veiteberg.

– Me var vitne til noko stort. Og ekstra spesielt var det nok for dei som kjem frå palestinske kyrkjelydar, meiner biskopen.

– Me trong dette no

Ordinasjonen har vekt merksemd internasjonalt, og britiske BBC, amerikanske The Washington Post er blant medieselskapa som har skrive om saka.

– Me trong dette no. Det er eit håpsteikn, både for dei og oss.

Veiteberg seier talene under ordinasjonen peikar på at dette banar veg for mange.

– No håpar me at dette er starten på at me ser fleire kvinner i leiarroller, ikkje berre som prestar. Dette har stor, symbolsk verdi, meiner Oslo-biskopen.

Ho har hatt studiepermisjon den siste månaden og har då budd Betlehem.

Ifølgje BBC er det minst éi palestinsk kvinne som tener som prest eller pastor i USA, men Azar er altså den fyrste som tener i palestinske område.



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion