Verdidebatt

Totalt uansvarleg redningspakke frå Erna

Erna Solberg subsidierer oljekrasj i staden for å bygge ei trygg framtid. Det er provoserande å sjå på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sofie Nordvik

Klimapolitisk talsperson i KFUK-KFUM Global

Gjennom å ignorere varsellampene frå klimaekspertane styrer vi rett inn i nye kriser. Pengane som kunne gått til å skape ei trygg framtid, blir brukt til det motsette. I revidert nasjonalt budsjett går milliardar til flyplass- og pakkereisekompansasjon og heile 100 milliard kroner skal betre likviditeten til oljeselskapa. Det er ikkje ein menneskerett med nye flyplassar, billege pakkereiser til Syden og nye oljelisensar. Vi treng ansvarleg styring som set vår tryggleik først.

Totalt uansvarleg

I den situasjonen vi er i nå, der vi treng å skape tusenvis av nye jobbar, er det uhaldbart at vi pumper fellesskapets milliardar inn i sektorar vi veit vil erstattast innan få år. Dette kan ikkje avfeiast som idealisme frå skulestreikande ungdom eller radikale klimaaktivistar, det handlar om at det er totalt uansvarleg å fortsette og satse fellesskapets oppsparte midlar på ein einaste fossil ressurs. Då risikerer vi både sparepengane våre og den økonomiske tryggleiken til arbeidarane, og det nektar eg å gå med på.

Vi må bruke kompetansen i oljenæringa til å satse på berekraftige næringar som avverjar klimakrisa og er økonomisk lønsam i eit lenger perspektiv. Å halde framtidige fossile arbeidsplassar i kunstig andedrett er ikkje berre utfordrande for å nå våre overordna berekraftsmål, det  er å kaste pengar ut av vindauget.

LES OGSÅ: 19 organisasjoner bønnfaller statsråder: Ikke gjør klima til koronataper

Vi må utvikle utdaterte jobbar

I den unike situasjonen vi står i, kan vi velje korleis samfunnet vårt skal sjå ut etter koronakrisa. Vi må velje å ta i bruk kompetansen i befolkninga slik at alle kan vere del av løysinga. Det er heilt avgjerande for å bygge eit berekraftig samfunn. Det må vere enklare både å skape grøne jobbar, og å utvikle utdaterte jobbar til å bli grøne. I vår tid må det løne seg for bønder å drive mest mogeleg klimavenleg. Det må løne seg for arbeidarar å jobbe med rein energi. Det må løne seg å skape jobbar for å reparere heller enn for å forbruke. Det må løne seg å ta val som kuttar klimagassutslepp og dermed også kuttar framtidige utgifter til å fikse skaden vi allereie har gjort.

Det er ei motsetning mellom retninga som kjem til syne gjennom vala Solberg-regjeringa tek i budsjettprosessen, og retorikken som elles blir brukt av same regjering. Men retorikk løyser ikkje klimakrisa. Det er det handling som gjer. Og Solberg-regjeringas handlingar er på kollisjonskurs med eigne målsettingar.

Utilgiveleg å vel vitende skape ei klimakrise

Noreg har forplikta seg til FN om å kutte 50-55 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor. Det klarar vi gjennom å jobbe på. Men i følgje Norways Fair Share-rapport held ikkje dette, med mindre vi samtidig aukar klimafinansieringa til sårbare land drastisk. Dette er støtte til land utan eigne krisepakker som både må takle ein pandemi og ei klimakrise som dei ikkje sjølv er ansvarlege for. Om vi har lært noko av koronakrisa, så er det at vi ikkje lever i eit vakuum, og at vi ikkje kan lukke auka for globale utfordringar. I dagens krise har vi valt å handle i solidaritet til våre mest sårbare. Det treng menneskeheita at vi også gjer i møte med den langsiktige og alvorlege klimakrisa vi styrer mot.

Ikkje la unntakstilstand bli vår normaltilstand. I krisetid kjenner vi forsmaken på kva det vil seie å styre samfunnet i grøfta. Det er forferdeleg å måtte gå gjennom ein pandemi, men det er utilgiveleg å vel vitende skape ei klimakrise. Vi treng ansvarleg økonomisk styring som bygger ei trygg framtid.

LES MER:

Vårt Land mener: Norges største industriskandale noensinne må granskes nøye

Oljefondet kaster ut seks selskaper på grunn av klima og miljøpåvirkning

Trosset klare råd: Equinor fraktet norsk gass til okkupert område

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt