Leder

Klønete av Møre bispedømme

Møre bispedømme si handtering av tilsettinga av ein kvinneprestmotstandar, ber preg av manglande profesjonalitet og dårleg oppfølging av biskopane sine eigne vedtak.

Vidar Nes Mygland er utdannet prest. Han ønsker ikke å dele nattverd med kvinnelige prester, men sier han kan samarbeide med de.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Denne veka vart det kjend at Vidar Nes Mygland, som er tilsett i eit fire månaders vikariat som sokneprest i Ørskog, vart teken ut av teneste. Årsaka er at han som kvinneprestmotstandar, ikkje vil dele ut nattverd med kvinnelege prestar. Å dele nattverd er ingen liten og ubetydeleg detalj. Det er sjølve symbolet på sameining og fellesskap i Den norske kyrkja.

Oppsiktsvekkande

Fleire har reagert på tilsettinga av Nes Mygland, mellom anna prinsesse Märtha Louise og leiar i Presteforeningen, Martin Enstad. Sistnemnde viste til at Bispemøtet i fjor vedtok at det ikkje er høve for mannlege prestar å reservere seg mot samarbeid med kvinnelege kollegaer.

Det oppsiktsvekkande i saka er at biskop Ingeborg Midttømme likevel har vald å tilsette ein vikarprest med ein slik praksis, og at det har kome fram at biskopen har ønskt Mygland velkomen til presteteneste i Ørskog.

Møre bispedømme har ein stor jobb å gjere med korleis dei behandlar sine tilsette, korleis dei rekrutterer og korleis dei kan vise framtidige prestar at dei forbetrar arbeidsmiljøet.

—  Vårt Land

Saka er på mange måtar trist for Møre bispedømme og Den norske kyrkja. Handteringa av saka er også ei stor belastning for alle involverte, inkludert den tilsette soknepresten Vidar Nes Mygland. På eit langt tidlegare tidspunkt i tilsettingsprosessen burde bispedømmet gjort det klart at prestar i Den norske kyrkja ikkje kan reservere seg mot samarbeid med kvinnelege kollegaer.

Det er vanskeleg å forstå kvifor prosessen ikkje avklara dette spørsmålet før den nådde media. Særleg fordi Møre bispedømme må ha visst at Vidar Nes Mygland ikkje kan samarbeide med kvinnelege prestar. Dette var grunnen til at han ikkje fekk jobben som prest i Agder og Telemark bispedømme i april.

Stor jobb framfor seg

Saka bidreg til større polarisering mellom ulike fløyer i Den norske kyrkja, og den bidrar til et dårleg omdømmet til Møre bispedømme. Mykje av dette kunne sannsynlegvis vore unngått med meir profesjonalitet i tilsettingsprosessen.

Det er spesielt alvorleg når vi veit at det i mai kom ein rapport om arbeidsmiljøet for kvinnelege prestar Den norske kyrkja, der Møre bispedømme på fleire område kom dårleg ut. Over halvparten av dei som svarte sa at dei opplevde krevjande relasjonar til kollegaer på grunn av ulikt syn på kvinnelege prestar. Då Vårt Land laga ei oversikt over prestemangelen i DNK i vår, kom Møre bispedømme på jumboplass med heile 15 ledige prestestillingar.

Møre bispedømme har ein stor jobb å gjere med korleis dei behandlar sine tilsette, korleis dei rekrutterer og korleis dei kan vise framtidige prestar at dei forbetrar arbeidsmiljøet. Den jobben må starte no.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Leder